18. mar, 2019

Living in a box...

Sliten... Så frykteleg sliten. Tilbakesteg og skuffelse. Smertebehandling som ikkje har forventa effekt. "Rykk tilbake til start".... Smerter som er verre enn nokon gong. Eg lever i ein bitteliten firkant, eit svært avgrensa liv. Eg kan ikkje bruke livet til alt der ute som eg har lyst til. Eg kan ikkje delta. Eg kan ikkje leve eit såkalla vanleg liv med aktivitet og samvær med andre mennesker. Eg prøver. Av og til presser eg meg til å gjere det. Aktivitet og samvær med andre. Eg presser meg til det av og til, fordi det er så mykje fint og bra utanfor min bittelille firkant. Eg vil ha det. Eg vil delta i det. Eg vil vere ein del av det. Men etter fleire forsøk, må eg innsjå at det kostar meg for mykje. Eg må betale med smerter og hodepine. Mine kroniske smerter og min kroniske hodepine sprenger smerteskalaen når eg prøver. Prøver å leve eit vanleg liv. Aktivitet og samvær med andre. Det går ikkje lenger. Prisen eg må betale er for høg. Den er for høg for meg. Toleransegrensa mi er på bristepunktet. Eg veit ikkje om eg kan prøve meir. Eg veit ikkje om eg har meir å gå på til å presse meg. Eg veit ikkje om eg kan tåle mange dagar med eit smertenivå som sprenger skalaen. For det er slik det er. Det er prisen eg må betale for å ta stega ut av min bittlille firkant og prøve å leve eit vanleg liv. Sliten... Så frykteleg sliten. Smerter... Så vondt, meir eller mindre konstant. Tilbakesteg og skuffelse. Smertebehandling som ikkje har forventa effekt.  

Eg lever i ein bitteliten firkant. Alt det som er utanfor den, blir til ei påkjenning som får smerter og hodepine til å sprenge smerteskalen. 

"I'm living in a box".....

*****************************************************************************************************