15. mar, 2019

Det er dei vonde dagane som krev styrke

Eg undrer meg litt over denne hjernen vår. Undrer meg over prioriteringane av det som er lagra i den som minner. Eg tenker på kor lett det kan vere å gløyme dårlege dagar når me får gode dagar, og kor vanskeleg det kan vere å minnast gode dagar når me får dårlege dagar. Eg undrer meg litt over kva me kan gløyme og kva me kan minnast når me er i det som er, her og no.

Sjølvsagt er det best å ha gode dagar, og ikkje dvele ved dei dårlege. I dei gode dagane har me det fint. Me har gode kjensler. Me vil berre nyte å vere i det. Det vonde som var, bleiknar og blir redusert til noko uviktig. I dei dårlege dagane er det ikkje godt å vere. Dårlege dagar kan handle om vonde minner som gjev vonde kjensler. Og når me har det slik, kan det vere vanskeleg å minnast dei gode dagane med dei gode kjenslene. 

I det gode er det så godt å vere at det er lett å gløyme det vonde. Me har det bra og ting går lett. Og det er der me har fokuset vårt. I det vonde er det vondt å vere. Det kan vere så vondt at det er vanskeleg å minnast det gode. I det vonde kan det vere så mørkt at det gode blir eit så fjernt minne at det verkar uoppnåeleg å få tak i det igjen. Og det er akkurat det; i det vonde må me jobbe for å minnast det gode. Det går ikkje lett på same måte som når me i det gode kan gløyme det vonde. Det krever meir av oss å vere i det vonde. Det krever at me brukar tankane våre bevisst for å hente fram det gode som ligg lagra i minnet.

Mi enkle oppsummering: 

I dei gode dagane er det lett å vere. Dei vonde dagane krev styrke.

****************************************************************************************************