6. mar, 2019

Mestring er mestring - på alle nivå

Mestring treng ikkje å vere dei store tinga. Det treng ikkje å vere det å få til noko som teknisk sett er vanskeleg og ei stor utfordring. Mestring kan vere dei små tinga. Det kan vere å få til dei heilt daglegdagse gjeremåla i kvardagen. Fordi nokre dagar er slik at det kjennes som ei utfordring å gjennomføre det daglegdagse i kvardagen. Nokre dagar er slik at det å få til dei små tinga er mestring. Kjensla av mestring over dei små tinga er like mykje verdt som kjensla av mestring over dei store tinga.  Den er like mykje verdt og den er like viktig. Det er lov å vere fornøgd med seg sjølv og glede seg over å få til dei små tinga.

Nokre dagar er det å gjennomføre det daglegdagse i kvardagen bra nok. Meir enn bra nok! Ver fornøgd med deg sjølv og gled deg over mestringskjensla - lite eller stort. Fordi ingen dagar er like, og mestring er mestring -  på alle nivå.

****************************************************************************************************