3. mar, 2019

Tankane har makt, men det har du også

Tankane våre har stor makt. Dei påverkar oss. Dei påverkar korleis me oppfattar og ser på verda rundt oss. Tankane er alltid med oss. Det er ikkje mogleg å tømme hovudet for tankar og ikkje tenke på noko som helst. Me har alltid tankar i hovudet. På godt og vondt.

Tankane lagar indre bilete.Når me tenker på noko som har hendt, noko som ligg i fortida, ser me det for oss med minnet. Dersom det handler om negative og vonde hendingar, kan det å tenke for mykje på det vere øydeleggjande. Det skaper repeterande indre bilete som får oss til å gjenoppleve det negative og vonde. Igjen og igjen og igjen. Me blir ikkje ferdige med det. Når me tenker på noko som enno ikkje har hendt, noko som ligg framfor oss, ser me for oss kva som kan hende. Tankane lagar indre bilete og førestellingar som kan skape både forventningar og bekymringar. 

Tankane våre lagar indre bilete og førestellingar som påverkar kjenslene våre. Når me har tankar som lagar gode indre bilete og positive forventningar, får me gode kjensler. Me kjenner glede. Når tankane lagar negative og vonde indre bilete, får me vonde kjensler. Me kan kjenne på angst, tristhet og sorg.

Gode indre bilete og førestellingar, kan bli til vonde kjensler som skuffelse og tristhet. Det som ligg framfor oss kan bli annleis enn det me har sett for oss. Fordi våre tankar og førestellingar om noko som enno ikkje har hendt, er på mange vis ein fantasi. Me kan ikkje lage nøyaktige førestellingar om noko som ligg i framtida. Men å oppleve at forventningane ikkje innfrir heilt som me hadde tenkt, greier me som oftast å handtere og komme over.

Indre bilete frå minnet om noko som var vondt, kan setje seg så fast i tankane våre at det blir øydeleggjande for det livet som er her og no. Repeterande indre bilete om noko vondt har hendt, kan vekse seg så store at me blir overmanna av vonde kjensler. Det kan gå så langt at det hindrer oss i å leve det livet me helst vil.

Tankane våre påverkar oss. Dei påverkar kjenslene. Dei påverkar livet. Me kan ikkje kvitte oss med tankar. Me kan ikkje viske dei ut, tømme hovudet fullstendig for tankar. Men me kan erstatte èin tanke med ein annan tanke. Når me har negative tankar som skaper vonde kjensler, kan me erstatte desse tankane med tankar som er meir hensiktsmessige, og faktisk veldig ofte meir sanne. Me kan finne og hente fram tankar som er betre for oss. For dei er der. Ein eller anna gong har me tenkt dei - dei positive tankane som skaper gode indre bilete og får fram dei gode kjenslene. Dei er der, og det er mogleg å hente dei fram.

Me kan overvinne ein negativ tanke med ein positiv tanke. Det vil påverke oss. Det vil påverke korleis me oppfattar og ser på verda rundt oss. Og det vil, ikkje minst, påverke kjenslene våre. Å bruke tankane på denne måten, kan endre korleis me har det på innsida. Eg seier ikkje at det er lett. Eg veit veldig godt at det ikkje er lett. Men det er mogleg. Det er mogleg å lære seg til å overvinne negative tankar med meir hensiktsmessige tankar som gjer livet betre for oss.

Tankane har stor makt, men det har du også. Du har makt til å endre på dine tankar!

************************************************************************************