24. feb, 2019

Eg burde... Eller...?

Så mange tankar om at eg burde... I tankane mine har eg ei liste over ting eg burde bruke dagen til. Eg burde, men kroppen min fortel meg i form av smerter at den helst vil få sleppe å gjere desse *burde*.... Eg burde, men eigentleg har eg behov for andre ting enn det som står på burde-lista i tankane mine.

Tankane surrer og surrer. Burde, burde, burde.... Eg får ikkje fred for dei. Dei plager meg og gjer meg nedtrykt. Eg får kjensle av at eg ikkje er flink nok. Eg burde, jo..... Alle burde-tankar og negative meldingar til meg sjølv går nesten som eit mantra i hovudet mitt. Eg blir urolig, irritabel og nedtrykt. Det er i ferd med å øydeleggje dagen for meg. Eg burde, burde burde..... Nei, dette går ikkje! Stopp! Stopp! Stopp! Eg instruerer meg sjølv til å stoppe opp i surret av tankar. Eg tek dei for meg. Bryt dei ned. Eg spør meg sjølv: "Kvifor bør eg? Er det for min eigen del, eller er det fordi det ein slags forventa normalitet, noko som folk flest kanskje ville ha gjort?"

Når eg ser på det frå den vinkelen, ser eg at det eg burde eigentleg ikkje er naudsynt. Det er ikkje naudsynt for meg her og no. Dagen kan gå heilt fint utan at eg gjer det eg tenker at eg burde. Dagen kan vere bra nok utan at eg gjer det. Bra nok for meg. Ja, det kan den faktisk!

Når eg kjem fram til den konklusjonen, greier eg å legge vekk burde-tankane. Eg kan akseptere og slå meg til ro med at slik er det i dag. Eg *burde* ingenting av det som stod på lista i tankane mine. Ikkje i dag. Eg kan ta hensyn til det som eg eigentleg har behov for. Eg kan lytte til kroppen når den fortel kva den helst vil akkurat i dag. Eg *burde* ingenting! Det er opp til meg sjølv kva eg vil bruke dagen til. Det er mitt valg!

****************************************************************************************************