12. feb, 2019

Nyhende og mediafokus.

Av og til tenker eg at eg vil slutte å lese aviser og nettaviser. Slutte å sjå på nyhendesendingar i fjernsynet. Slutte å lytte til nyhendesendingar i radioen. Kvifor? Jo, fordi dei overskriftene som møter meg, er såkalla nyhende som eg ser på som uinteressante og unyttige for meg. Eg syns at media blir meir og meir tabloide. Nyhende om at "den og den" kjendisen og "den og den" politikaren har gjort seg skuldig i noko som etter mi meining bør handsamast privat og/eller internt, får store overskrifter på bekostning av seriøse og samfunnsnyttige nyhende.

Det eg ønskjer meg av nyhende frå media, er saker som opplyser meg og gjev meg kunnskap om samfunnet og verda me lever i. Saker som er viktige for samfunnet og oss menneske som lever i det.

Eg har ingen interesse av å å bli "pumpa full" av ymse detaljar om kjendisar og politikarar sine feiltrinn på privaten.

For det første - slik eg ser det - så har ikkje slike såkalla nyhende ein samfunnsverdi som gjer at dei skal gå på bekostning av langt meir viktige saker. For det andre - eit slikt mediafokus, som går ut på å heile tida "ta" nokon for noko, er ein farleg trend. Er det ikkje nettopp slikt som skaper nettroll? Er ikkje eit slikt mediafokus med på å nøre opp under hetsing og mobbing? 

Faktisk så skremmer det meg litt at så mange ser ut til å like denne fråtsinga i tabloide nyhende om enkeltmenneske sine feiltrinn. Kvifor er det så viktig å peike på andre sine feil og mangler? Kva har skjedd med oss menneske når så mange ser ut til å like det å kunne "ta" andre menneske for noko? Og kva har skjedd med media som ser ut til å prioritere å gje slike saker så store oppslag?

Når det er slik det er, syns eg ikkje at me kan bli overraska over at netthets og mobbing er eit aukande problem. Me kan ikkje bli overraska over at samfunnet vårt blir hardare og kaldare.

Eg vil ha nyhende som er gjevande. Nyhende som faktisk har betydning for det samfunnet eg lever i. Nyhende som er nyttige, og som opplyser meg og gjev meg kunnskap. Det syns eg at eg får for lite av, fordi media velger å fokusere på tabloide nyhende som eg syns er uinteressante og unyttige i det store biletet.

Difor tenker eg av og til at eg vil slutte å lese aviser og nettaviser. Slutte å sjå på nyhendesendingar i fjernsynet og slutte å lytte til nyhendesendingar i radioen.