24. jan, 2019

Det er så mykje eg har lyst til, men ikkje greier.

Det er så mykje eg har lyst til. Så mykje eg gjerne vil. Men eg greier ikkje. Helsetilstanden hindrer meg. Hindrer meg i å gjere så mykje av det eg har lyst til, så mykje eg gjerne vil. Eg blir lei meg. Det er kjensle av å miste. Miste opplevingar. Miste gode opplevingar. Kjensle av tap, fordi eg ikkje greier så mykje av det eg greidde tidlegare. 

Mange kloke menneske har sagt noko om at det er viktig å fokusere på det ein kan, og ikkje dvele ved det ein ikkje kan. Eg er ikkje usamd i det. Det er ein god innstilling å ha. Det er viktig. Det er viktig for at ein ikkje skal "dra" seg sjølv ned i det tunge og mørke. Eg veit det. Eg veit det så inderleg godt. Men det kan vere vanskeleg. Det kan vere vanskeleg å fokusere på det ein framleis kan, når ein opplever at det er så lite ein greier. Det kan vere vanskeleg å fokusere på det vesle, når så mykje av det ein hadde glede av tidlegare ikkje lenger lar seg gjere. Det er kjensle av å ha mista noko. Kjensle av tap. Som ei sorg. 

Endringar skjer. Gjennom heile livet skjer det endringar. Positive endringar og negative endringar. Mange endringar skjer utanfor vår kontroll. Noko kan me gjere noko med. Noko kan me ikkje gjere så mykje med. Då må me gjere så godt me kan med å tilpasse oss. Å akseptere slike endringar, gjer livet lettare. Eg veit det. Men det kan vere vanskeleg. Det kan vere vanskeleg når det kjennes som ein har mista noko. Mista gode opplevingar. Kjensle av tap. Som ei sorg.

Det er så mykje eg har lyst til, men ikkje greier. Helsetilstanden hindrer meg. Eg jobbar med meg sjølv for å akseptere at det er som det er. Men eg blir lei meg. Eg blir lei meg over at funksjonsnivået har blitt så avgrensa. Eg blir lei meg når det er så mykje eg har lyst til, men ikkje greier.