15. jan, 2019

Det er din veg. Det er ditt liv.

Det er eit lite dikt som stadig kjem tilbake til meg. Eit lite dikt av poeten Mewlana Jalaluddin Rumi.

"Det er din veg. Berre din. Andre kan gå den med deg. Men ingen kan gå den for deg."

Dette er SÅ rett. Kanskje irriterande rett mange gongar. Det er alltid lov å be om hjelp. Det kan vere fint og godt å få hjelp. Nokre gongar er det naudsynt å få hjelp. Men det er alltid opp til ein sjølv å gjere det som må til for å komme seg på fram i livet. Om ein ønskjer at noko skal endre seg, er det ein sjølv som må gjere jobben med å få det til.

Trass i mine helseutfordringar og plager, prøver eg heile tida å minne meg sjølv på at eg er heldig. Eg er heldig som bur i eit land som Noreg. Eit land som har gode velferdsordningar og gode helsetenester som alle kan nytte, uavhengig av økonomi. Me har eit helsesystem som tilbyr gode tenester. Men for å ha nytte av det, må me vere villige til å ta i mot det dei tilbyr og stole på at det er til vårt beste. Å be om hjelp utan å ta til seg råd og tilbod ein får, har ingenting for seg. Helsetenestene kan gi råd og veiledning. Dei kan hjelpe med tilrettelegging, men for å nyttiggjere seg av det dei tilbyr, få til endring og bli betre, må ein faktisk ta nokre grep sjølv. Dei som jobbar i helsesystemet er ikkje tryllekunstnarar. Dei kan ikkje "fikse" oss medan me sjølve sit passive og krever resultat. Me må vere villige til å gjere den største delen av jobben sjølv.

Me har alle vår eigen livsveg. Ein veg som er berre vår. Andre kan gå vegen saman med oss når me treng det. Men ingen kan gå vegen og nå målet for oss, medan me sit passive og ser på.