3. jan, 2019

Kvardagslukke

Kvardagslukke - kan vere å vakne ein morgon med låg grad av hodepine. Å vakne ein morgon og kjenne at på ein skala frå 1 - 10 er hodepine og smerter på 5. For meg er det kvardagslukke. Eg kan ha ei lang, roleg og god morgonstund med kaffikoppen. Eg kan berre vere, og glede meg over at eg har ein grei start på dagen. Eg treng ikkje å stresse for å nå noko forpliktande. Eg kan ta hensyn til berre meg sjølv. Eg kan gjere akkurat det som er nødvenig og best for meg sjølv. Slike morgonstunder er gull verdt. Dei er gull verdt, fordi det er så mange morgonstunder som ikkje er slik.

Kvardagslukke - ja, det kan vere å vakne ein morgon med låg grad av hodepine og smerter.🙂