28. des, 2018

Håp om eit godt nytt år.

Året 2018 går mot slutten. Det var det året som var så bratt. For meg. For meg har det vore eit år med ein bratt og utfordrande livsveg.

Arbeidsavklaring. Lange ventefaser. Dårleg økonomi. Helseplager. Kroppslege og psykiske smerter. Frustrasjon, tristhet og tårer. Mange tunge stunder. I periodar nesten ikkje til å halde ut.

Det har vore eit år der eg på enkelte område har opplevd tilbakesteg på livsvegen min. Tilbakesteg, fordi mykje av det eg endeleg hadde funne glede i, måtte vike for plager og smerter. Det er sårt og trist å ikkje greie mykje av det ein så gjerne vil. Det er tungt å oppleve ein forringa livskvalitet. Det er tungt når det blir vanskeleg å glede seg over livet. Det er tungt når plager og smerter tek så stor plass at det legg skuggar over det gode som har hendt. For eg har, tross alt, hatt gode opplevingar også. Ny lærdom. Ny mestring. Personleg utvikling. Gode stunder saman med dei menneska eg har rundt meg. Det er berre det at det er så lett å miste det av syne når livsvegen byr på tilsynelatande endelause utfordringar. Det er vanskeleg å halde fast på det gode når det som ikkje er bra tek så stor plass.

Tilbakesteg på livsvegen... Ja, på nokre område. Utan tvil. Noko av det eg legg mest merke til og som eg saknar veldig, er det å vere ute i naturen. Gå på tur med kamera. Oppdage fine motiv som eg kan fange med kamera og ta med meg. Det har eg ikkje fått gjort i same grad som tidlegare. Slik som helseplager har utvikla seg har eg ikkje greidd det, fordi det etterkvart har blitt slik at det kostar meg meir enn det gir meg. Det er eg lei meg for. Eg saknar å få dei gode opplevingane det er å gå på turar. Vere ute i naturen. Kjenne på vær og vind. Kjenne den gode lukta som er ute i naturen. Sjå alt det fine som er å sjå.

Om få dagar startar eit heilt nytt år. Eg går, tross alt, inn i året 2019 med håp. Håp om at 2019 skal bli noko betre enn 2018. Nokre ting som har vore vanskelege i året som har gått, har falle på plass. Det er eg takksam for. Og eg er takksam for dei gode menneska som har gjort noko for meg for at det skulle falle på plass. Og eg vågar å håpe på eit betre år, fordi eg i møte med helsevesenet har fått presentert tilbod som kan vere til hjelp. Behandlingstenester som eg ikkje har prøvd tidlegare. Eg er takksam for at fastlege og legespesialistar har fått meg inn på dette sporet. Eg er takksam for å møte helsetenester som ser heile meg. Som ser samanhengen mellom psyke og kropp. Difor vågar eg å håpe. Eg vågar å håpe at grunna dette, så kan året 2019 gje meg betre livskvalitet. Eg vil ikkje berre eksistere. Eg vil leve. Eg vil kjenne livsglede. Verkeleg livsglede. Eg vil kunne bruke livet saman med menneske som betyr noko for meg. 

Året 2018 - eit år som var bratt og utfordrande. Tungt og slitsomt. I periodar nesten ikkje til å halde ut. 

Året 2019 - eg vågar å håpe. Eg går inn i det nye året med håp om at det ligg ein mindre bratt og utfordrande livsveg  framfor meg.

Det er alltid lov å håpe, ikkje sant?

Med ønskje om eit godt nytt år til dykk som følgjer meg på heimesida mi.