10. des, 2018

I dag er det slik det er

Så er det ein slik dag i dag. Ein dag der eg framleis går i morgenkåpe når klokka har passert 12.  Det er ikkje fordi eg er lat. Det er fordi kroppen er øm og vond, stiv og støl. Det er vondt å bevege seg. Men det er det eg må - bevege meg. Eg må la kroppen få røre på seg. Mjuke den opp, få den i gang. Og det gjer eg. Eg beveger meg. Det er berre det at eg treng tid. Tid til å få kroppen i gang, tid til å få kroppen til å fungere. Eg må gjere det i mitt eige tempo. Eg må gjere det i eit tempo som er tilpassa mine "vondter" i min kropp. Og det gjer eg. Eg gir meg sjølv og kroppen min lov til å bruke den tida som er nødvendig. Så difor "tusler" eg rundt i morgenkåpe, i mitt eige tempo når klokka har passert 12.  I dag er det slik det er.