30. nov, 2018

Korridorpasient i psykiatrien

Eg har nettopp lese ein artikkel på NRK sine nettsider om korridorpasientar ved Sandviken Sjukehus. Det er klinikkdirektør i Helse Bergen som uttaler seg. Ho seier blant anna at dei vil unngå å skrive ut pasientar der dei kjenner seg engsteleg for at pasientane tek sjølvmord, og at dei difor velger å la pasientar ligge på gangen nokre dagar i staden. 

 

Eg har vore innlagt på psykiatrisk sjukehus fleire gongar. Heldigvis har eg berre opplevd å vere korridorpasient èin av desse gongane. Eg var då innlagt grunna tung og alvorleg depresjon, og hadde sengeplassen min på gangen i litt over ei veke. For meg handla det den gongen ikkje om å vente på bli utskrivingsklar. Eg vart plassert på gangen direkte ved innleggelsen. Det var frykteleg vanskelege og slitsomme dagar. Det var langt i frå ei oppleving av å bli motteken for å få hjelp til å bli betre. Å komme til sjukehusavdelinga og få ei seng på gangen, som var omringa av slitte og stygge skjermbrett, var på ingen måte til hjelp for min tilfriskningsprosess. Tvert om. Det var heilt umogleg å finne kvile og ro. Eg hugsar at eg kjente på at eg måtte halde gråten inne, fordi eg slett ikkje hadde lyst til at andre skulle høyre meg gråte. 

Med depresjon er det også vanleg at ein har søvnvanskar. Den gongen hadde eg det. Joda, eg fekk mine sovepiller til kvelden som skulle hjelpe meg til å få god nattesøvn. Vel og bra det. Men som korridorpasient var det heilt umogleg å få ei natt med samanhengande søvn, same kva for piller dei hadde å tilby. Eg sovna stort sett når eg skulle - så på det viset fungerte pillane. Men kor lenge? Kor lenge fekk eg sove? Første oppvåkning kom ved vaktskiftet. Nattevaktane kom gjennom døra inn til avdelinga. Som regel var det to av dei. Av og til fire som skulle gjennom same døra, fordi det var felles vaktrom for to ulike avdelingar. Og dei kom sjølvsagt ikkje til nøyaktig same tid. To til fire smell med døra. Prating og kanskje latter, før dei lukka seg inne på vaktrommet for å få rapport frå ettermiddagsvaktene. Litt stille igjen. Akkurat i det søvnen var på veg til å komme, så var rapporten ferdig, og både nattevakter og ettermiddagsvakter kom ut frå vaktrommet. "God vakt" "Hadet bra" "Snakkes" sa dei til kvarandre, som gode kolleger skal. Og sjølvsagt kunne ikkje alle ettermiddagsvaktene komme seg ut av døra i ein eingong. Det skal godt gjerast å få det til. Litt prat mellom kolleger vart det. Fint det. Men ikkje for korridorpasienten som hadde sengeplass rett utanfor vaktrommet, som sjølvsagt låg rett innanfor døra inn til avdelinga. Det var der det var best plass til å ha ein korridorpasient. Resten av gangen var for smal og trong. Så her stod forstyrringar av nattesøvnen "i kø." Dører som skulle opp og igjen, opp og igjen. Men så, etter ei stund, vart det stille. Stille nok til at det var mogleg å sovne igjen. Heilt fram til medpasientar, som også hadde søvnvanskar, byrja å gå ut og inn av rommet, vandre i gangen. Slik var det. Natt etter natt. I litt over ei veke. Lite søvn? Ja. Slitsomt? Ja. Forverring av depresjonen? Ja.  

Å prøve å ta att for tapt nattesøvn på dagtid, var generelt sett lite populært blant personalet. "Du må ikkje sove no, då får du ikkje sove til natta." Sa dei. Det var likevel mogleg å snike seg til litt søvn på dagtid, dersom ein hadde seng på eit rom og kunne lukke døra. Som korridorpasient var det heilt utelukka å få sove litt på dagtid. Alltid lydar - prating, dører som gjekk opp og igjen.

Ved denne innleggelsen var er råka av *snill-pike-syndromet* Dessverre. Eg såg medpasientar bli utskrivne og nye som kom og fekk overta romma. Eg? Eg hadde senga mi i gangen, omringa av slitte og stygge skjermbrett. Ingen kom og sa at "dette rommet skal du få no." Eg hugsar at det var frykteleg sårande. Eg tenkte og følte at eg nok var ein uviktig og uvesentlig pasient. Det var ikkje så nøye med meg. Eg var no så stille og rolig der bak skjermbretta.

Etter litt over ei veke, kom sammenbruddet. Eit stort og vondt sammenbrudd. Då det skjedde, var tilfeldigvis min behandler, ein psykolog, til stades i avdelinga. Ho tok meg med til eit besøksrom, for at eg skulle få litt privatliv i sammenbruddet mitt. Eg hugsar at eg låg i forsterstilling på ein slik typisk venterom-sofa-benk, med ein typisk venteromsmøbel-grønfarge ,og gråt meg fullstendig tom. Eg låg slik lenge. Åleine, fordi behandleren min hadde gått for å snakke med nokon om at no måtte det vere min tur til å få eit rom. Når ho kom tilbake sa ho: "Kom. No skal du få eit rom." 

Litt over ei veke som korridorpasient. Ikkje i påvente av utskriving, men rett på ved innleggelse. Litt over ei veke som både forverra sjukdomstilstanden min og forseinka tilfriskningsprosessen min. 

Klinikkdirektøren seier i artikkelen at dei velger å gje pasientar korridorsenger framfor å skrive ut for tidleg dersom dei er engstelege for sjølvmordsfaren. Ho seier at det er betre med ei korridorseng enn at pasientar tek sjølvmord. Ja, for fagfolk med ansvar og dei tilsette er det nok det. Dei vil sjølvsagt ikkje ha sjølvmord på samvitet fordi dei kan ha skrive ut nokon for tidleg. Men for pasientane er det å vere korridorpasient aldri bra. Å bli plassert i ei seng bak slitte og stygge skjermbrett på gangen, er ikkje bra i psykiatrien. Aldri. Det kan det ikkje bli. Ikkje privatliv. Aldri ro og fred. Det er slett ikkje til hjelp for tilfriskningsprosessen. Eg vil påstå at det i dei aller flest tilfelle kan både forverre sjukdomstilstanden og forseinke tilfriskningsprossessen.

Tanken om at pasientane skal få skal få bu heime og få behandling på poliklinikk og DPS er forsåvidt ikkje heilt dum. Problemet er berre at det slett ikkje er lett å få eit slikt tilbod. Og ventetida for slike tilbod er altfor lang. Når politikarane vedtek nedbygging av sengeplassar, må dei også vedta oppbygging og styrking av poliklinikkar og DPS'ar. Enkel logikk. Ikkje sant? Men når det er sagt - eg kan ikkje forstå kvifor det skal vere så negativt å la psykisk sjuke få vere innlagt på sjukehus... Eg kan ikkje forstå kvifor psykisk sjuke ikkje kan få lov til å vere sjuke... 

Å kjenne seg avvist når ein har kome så langt at ein ber om hjelp, ber om innleggelse....DÅ kan me snakke om sjølvmordsfare.