21. nov, 2018

Det trygge, eller våge å ta nokre sjansar i livet?

Den nye vegen min har opna for nye mulegheiter. Mulegheiter som eg kan velge om eg vil brukke eller ikkje. Eg kan velge om eg vil ta sjansar på å prøve, eller om eg berre vil vere i det som er.

Eg har valgt å ta nokre sjansar. Utan å analysere og tenke for mykje på om eg vil greie det med dei helseutfordringane eg har. Realiteten er at eg kanskje ikkje vil greie det. Men realiteten er også at det kanskje vil gå bra. Eg kan velge å trygge meg sjølv med å berre vere i det som er, men då kjem eg meg ikkje vidare framover på livsvegen. Og det verste som kan skje når eg velger å ta nokre sjansar, er at eg ender opp igjen akkurat der eg er, dersom eg ikkje greier å gjennomføre det. Eg kjem ikkje til å ende opp langt tilbake på vegen min. Og når eg velger å ta nokre sjansar, kan det godt hende at eg vil få positivt utbytte av det. Det kan hende det vil føre meg og mi personlege utvikling fleire steg framover på livsvegen. 

Difor har eg valgt å ta nokre sjansar. Ta i mot dei mulegheitene som har opna seg. Eg vil prøve. Og eg er glad for at eg vågar. Glad for at eg greier å ta valget om å prøve. Berre det i seg sjølv, at eg vågar å prøve, betyr at eg faktisk allereie har komme nokre steg lenger på livsvegen min. Det kjennes bra! Kul