6. nov, 2018

"Korleis kunne dette skje?" spør me når barn drep barn...

I forrige veke vart me møtt av store overskrifter i media om at ei 16 år gamal jente vart drepen av ein 16 år gamal gut. Det er ikkje meir enn ca. 3 månader sidan eg skreiv eit innlegg om ei liknande hending. Først og fremst blir eg lei meg over at slikt skjer. Det er så trist. Og det er så tragisk, for alle som på ulikt vis blir personleg involvert i slike hendingar. Spørsmålet me alle stiller oss når slikt skjer, er "korleis kunne dette skje?" Ja, korleis? Kvifor? Kva er det som gjer at eit barn/ein ungdom krysser ei grense til å ta livet til eit anna barn/ein annan ungdom? Det er sjølvsagt  ulike og samansette årsaker for kvart enkelttilfelle. Men eg kan ikkje fri meg for tanken om at når slikt skjer, så er det vaksne som har svikta. 

 

Me som er vaksne, skal vere gode førebilete for barn og unge. Me skal gje dei kunnskap, lærdom og etiske retningslinjer. Me skal gje dei omsorg, tryggleik og styrke. Me skal bidra til å gje dei eit godt grunnlag til vegen vidare i livet. Vegen inn i vaksenlivet. Og det gjer dei aller fleste av oss. Me streber etter å gje barn og unge eit godt grunnlag for å kunne møte det som kjem av smått og stort på livsvegen. Men...gjer me det godt nok?  "Korleis kunne dette skje?" spør me når tragedier der barn drep barn skjer.

Me kjenner godt til dette med mobbing og hetsing og nettroll. Men kjenner me vaksne godt nok til kva barn og unge faktisk kan få tilgang til i det store internettet? Kjenner me godt nok til korleis barn og unge kan bruke internett og applikasjonar til organisert og konsekvent mobbing og hetsing? Min påstand er at veldig mange av oss diverre ikkje gjer det. Barn og unge av i dag har meir kunnskap og innsikt i kva som finnes av slikt enn det veldig mange av oss i vaksengenerasjonen gjer. Det er èi side av det. 

På ei anna side, kan mange vaksne på alle samfunnsnivå heilt klart gå i seg sjølv og tenke over korleis ein sjølv brukar internett og media. Korleis framstår me i til dømes kommentarfelt i nettaviser og sosiale media? Korleis er ordskiftet i diskusjonar? Korleis omtalar me kvarandre? Kor langt tøyer me grensene for kva som er greitt, med det argumentet at me har ytringsfridom?

Kva ser eigentleg barn og unge ut av vår framferd? Kva lærer dei om kva som er greitt? Kvar lærer dei å bli nettroll og mobbarar? Kva miljø er det me vaksne skaper rundt dei som kjem etter oss?

"Korleis kunne dette skje?"

Ja, korleis? Og kvifor?

Vaksengenerasjonen, på alle samfunnsnivå, kan absolutt gå litt i seg sjølv og reflektere over dette.

Me vil ikkje, og me skal ikkje, ha det slik at barn drep barn.

Sjå gjerne på denne nettsida, om bevisst mediebruk: https://www.barnevakten.no/