2. nov, 2018

Livsvegen er krevande, sjølv om livet eigentleg smiler.

Livet smiler, på mange vis. Livsvegen har endra seg, og eigentleg smiler livet. På eit personleg plan er eg på ein stad i livet som eg ikkje hadde trudd at eg skulle nå. Meir trygg på meg sjølv. Mindre oppteken av kva andre kanskje måtte tenke og meine om meg og mitt. Eige aksept på at eg er den eg er. Eg har gått gjennom ei personleg utvikling som på mange vis gjer at det er godt å vere meg.

Èin kamp har eg tapt langs livsvegen. Eg tapte kampen for å halde meg i arbeidslivet. Å måtte gje slepp på det, tvinga seg fram trass i at det på mange vis er godt å vere meg. Eg måtte gje slepp på det, fordi det med tida har utvikla seg kroppslege plager med smerter, som til slutt gjorde at eg ikkje kunne fungere i eit forpliktande arbeidsliv. Ein tapt kamp, men riktig å gje slepp.

Livet smiler, på mange vis. Men livsvegen er ikkje lett. Mentalt og psykisk er eg på ein stad der eg kunne ha fått meir ut av livet. Men kroppslege plager med smerter, gjer at eg ikkje heilt greier å ta for meg av det livsvegen byr på. Det kan få meg til å kjenne på frustrasjon. Eg kan bli fortvila over at fysiske plager begrenser meg. Det er ikkje lett å heve seg over smertene med tankekraft. Det er ikkje alt som lar seg gjere å "tenke forbi." Eg greier det i allefall ikkje til ei kvar tid. Og det er slitsomt å ha oppleving av at eg kvar einaste dag må jobbe veldig med meg sjølv mentalt for å heve meg over smertene. Det er slitsomt å måtte jobbe så veldig for å lage gode dagar.

Eg kan bli frustrert og fortvila over at eg ikkje greier å bruke livet - det livet som eigentleg smiler.