24. okt, 2018

Me skal ikkje måle menneskeleg verdi.

Oktober 2018 - ein månad med mykje fokus på det å ta vare på kvarandre. Vere inkluderande, også med menneske som ikkje har det heilt slik som oss sjølve. 10 oktober var det Verdensdagen for psykisk helse, med tema "Vær raus." 21. oktober var det TV-aksjon med innsamling til Kirkens Bymisjon, med tema "Mindre åleine saman." Nyleg las eg eit innlegg i Psykobloggen på Mental Helse si nettside, som handla om ei jente som er litt annleis enn sine jamnaldrande. Av andre blir ho oppfatta som ei jente som tek altfor mykje plass, i klassen sin og i omgangskretsen sin. Ho blir dømt av andre fordi ho tenker annleis enn sine jamnaldrande og faktisk vågar å gje uttrykk for tankane sine. Ho blir oppfatta som ei jente som "stikk seg ut" på ein negativ måte. Men det andre ikkje ser, er at denne jenta også har andre sider av seg sjølv, sider som er psykisk smertefulle.

Eg gjer meg ofte tankar om dette med menneske som er annleis. Annleis - kva er det eigentleg? Annleis enn kva? Enn kven? Me oppfattar som regel menneske som annleis når dei ikkje lever det me brukar å kalle for eit A4-liv. Me har liksom ei A4-norm for kva som er normalt.

Eg har møtt, og møter ofte, menneske som ikkje lever eit A4-liv. Mange ulike menneske som av mange ulike årsaker har fått eit liv som er annleis. Psykisk sjukdom, alkoholisme, andre rusmiddel, traumer, økonomiske vanskar - det kan vere mange årsaker til at nokre lever eit liv utanfor A4-norma. Dei lever eit liv som er annleis. Dei blir sett på som annleis. Kanskje er dei det også. Men dei er like fullt menneske - menneske på lik linje med alle andre. Dei er menneske med verdi sjølv om dei er og lever annleis. Dei må av ulike årsaker ta andre valg enn deg og meg. Valg som gjer at dei ikkje passer inn i ramma for A4-livet. Men dei har likevel verdi som menneske.  Alle har menneskeleg verdi. Me må ikkje ta menneskeverdien i frå andre menneske på grunnlag av det me ser og høyrer og oppfattar som annleis med dei. 

Me er så altfor raske til å dømme andre. Me dømmer på det tynne grunnlaget av det me ser og høyrer og oppfattar. Men me må ikkje gløyme at ingen er berre det me ser. Me har alle mange fleire sider av oss enn det andre menneske ser. Det kan vere mange ulike årsaker til at eit menneske syner seg utad på ein måte som andre oppfattar og ser på som annleis. Me må ikkje støyte i frå oss menneske berre for det me ser. Me må kunne akseptere at ikkje alle når opp til det me ser på som normalt. Desse menneska er ikkje mindre verdt enn deg og meg. Dei har krav på å bli behandla med respekt, på lik linje med deg og meg. Det er det minste me kan gjere. Ikkje dømme, og behandle dei med respekt. Og mange av oss kunne ha vore mykje flinkare til å inkludere. Me kunne ha vore mykje flinkare til å nærme oss dei menneska som ikkje passer heilt inn i A4-ramma. Ta eit steg nærmare, rekke ut ei hand, bli litt betre kjend, og prøve å få forståing for at dette mennesket er som det er og lever som det gjer. Me er så redde for å nærme oss det som er annleis. Det er mykje lettare å støyte det frå oss. Halde det på avstand. Oppretthalde grensa som definerer kva som er normalt og kva som er annleis. Men det me held på avstand, får me ikkje eit heilt bilete av. Me ser berre litt. Og gjer oss opp ei meining ut i frå den delen me ser. Det kan ikkje bli rett, det. For at det skal gje meining, for at me skal forstå heilheita, treng me heile (eller i allefall ein mykje større del av) biletet. Logisk, ikkje sant? Slik er det med menneska også. Me gjer oss ofte opp ei meining om andre ut i frå det som er mest synleg. Ut i frå det eit menneske syner av seg utad. Det er så lett å gløyme at ingen er berre det me ser. Og det er så lett å berre halde seg til den uskrivne norma om kva som er normalt og kva som er annleis.

"Vær raus." - "Mindre åleine saman." 

Det handler om å våge. Våge å ta eit steg nærmare, strekke ut ei hand. Våge å bli betre kjend med det og dei me oppfattar som annleis. Inkludere. Eg er ikkje så naiv at eg meiner me alle skal vere vener og godt forlikte. Me treng ikkje nødvendigvis utvikle nære relasjoner for å inkludere. Inkludering kan handle om gje tilbod. Ta med andre menneske. 

"Vær raus." - "Mindre åleine saman."

Det handler om å akseptere at det finnes menneske som ikkje lever heilt slik som me sjølve gjer. Det handler om å respektere. Det handler om å ikkje setje mål på menneskeleg verdi. Alle har menneskeverd.

"Sola skin på meg, så skuggen fell på deg. Men graset er grønt for alle."