22. okt, 2018

Eg må skjerpe meg!

Eg gjer det igjen og igjen. Eg gjer det, sjølv om eg veit at det ikkje er bra for meg. Men eg gjer det likevel. Igjen og igjen.

 

 

Å starte dagen med laptop'en i fanget. Facebook, e-post, nettaviser. Det er ikkje bra for meg. Eg blir sitjande med det altfor lenge. Kroppen gjev tydelege signal på at den ikkje likar det; smerter i skuldre og nakke, hodepine, trøtt igjen før dagen eigentleg har starta.

Det eg eigentleg treng når eg står opp om morgonen er, for det første, å strekke kroppen skikkeleg. Strekke og tøye godt.  I samband med eit treningsopplegg eg tok del i for nokre år sidan, vart eg gjort merksam på noko som eg ikkje har tenkt over før. Treningsleiaren spurt om me hadde lagt merke til kva ein katt som vaknar etter søvn gjer...Ja, kva gjer den? Når ein katt vaknar etter søvn, strekker den heile kroppen godt før den begynner å flytte på seg. Me menneske er ikkje like flinke til dette. Eg gjer i allefall ikkje alltid det når eg står opp. Ofte er det langt på dag før kroppen melder sitt behov for å strekke godt ut.

Når eg har stått opp om morgonen treng kroppen også å få røre på seg. Den treng å mjukast opp, få blodomløpet skikkeleg i gang slik at musklar og ledd får det betre etter å ha vore i ro heile natta. Det er det eg treng når eg står opp om morgonen. Eg treng å strekke kroppen skikkeleg, og eg treng at kroppen får røre på seg. Eg veit det. Eg veit det og eg har erfart det.

Å la kroppen få god behandling om morgonen med å strekke seg og røre på seg, gjev eit mykje betre grunnlag for dagen min vidare enn når eg berre flytter den frå senga til go'stolen, plasserer laptop'en i fanget og blir sitjande altfor lenge. Det veit eg no, vel. Eg veit det så veldig godt. Likevel velger eg å gje meg sjølv eit dårleg utgangspunkt for dagen vidare. Eg gjer det igjen og igjen. Eg må slutte med det. Eg må skjerpe meg! "Skjerp deg, Wenche!"