14. okt, 2018

Livet er no! Lev det!

"Fortida er bak deg, lær av den. Framtida er framfor deg, førebu deg på den. Notida er her, lev i den." (Thomas S. Monson)

Me har alle ei fortid. Sjølvsagt. Og ingen av oss har ei fortid som er berre god. Om nokon påstår at dei har det, vil i allefall ikkje eg tru på det. Alle har noko med seg frå fortida som ein helst ikkje ville ha opplevd. Det kan vere feilgrep ein har gjort. Avgjersler og dårlege valg som har gjeve negative opplevingar. Det kan vere ytre omstende, noko som ein har blitt påført av andre, eller hendingar som ein sjølv ikkje har noko skuld i, som har gjeve dårlege opplevingar. Alle har noko i fortida som ein gjerne skulle ha vore foruten. Alle har sitt. Men om det er no det eine eller det andre, fakta er at ein ikkje kan gjere om på det som ligg i fortida. Det som har hendt, det har hendt. Men det me kan gjere, er å lære noko av det. Me kan sjå tilbake på valg og konsekvensar av valg i fortida, og gjere noko for å unngå at det blir slik igjen. Når det kjem til ytre omstende som har påført oss negative opplevingar, kan me sjå på korleis me handterte det, og bruke det til å utvikle oss og til å styrke oss sjølve mot liknande ting som kan møte oss på vegen vidare i livet. Framtida er det som er framfor oss. Kva som kan møte oss, vil me aldri ha full kontroll over. Det vil alltid kunne oppstå ting som er utanfor eigen kontroll. Men me kan tenke oss inn i framtida, planlegge ein del, og til ein viss grad gjere noko sjølv for å forme den. Me kan førebu oss på framtida ved å legge til rette så god det lar seg gjere, og ved å ruste oss til å møte og handtere uforutsette ting. Notida, det er no. Det er det livet me lever, det livet me er i, her og no. Notida kan me i ganske stor grad påverke sjølv. Me kan ta avgjersler og valg som er gode for oss. Me kan velge å fokusere på det som er, det livet me er i no. Ikkje trege over det som har vore. Ikkje bekymre oss over det som kan komme. Me kan velge å vere, verkeleg vere, i det livet som er. Vere i notida og gjere dagane våre så gode som me kan. Vere i livet og leve det - no. Fordi det som var, det var. Det som kjem, det kjem. Og det som er, det er. Det er no me lever. I det som er. Det er no me kan påverke livet vårt. Me kan velge å gjere notida god for oss sjølve. Nokre valg vil kanskje gjere andre litt vondt. Det er berre slik det er. Men så lenge me ikkje "trakker ned" andre menneske, må me få lov til å gjere det som er til det beste for oss sjølve. Me kan uansett aldri gjere alle til lags.

"Fortida er bak deg, lær av den. Framtida er framfor deg, førebu deg på den. Notida er her, lev i den." (Thomas S. Monson)

Kul