9. okt, 2018

Å vere raus med seg sjølv og andre.

10. oktober er Verdensdagen for psykisk helse. Tema i år er "Vær raus."

Å vere raus - kva er det? Det er fleire måtar å vere raus på. Å vere raus kan handle om materielle ting. Det kan vere å dele av godene sine med andre. Det kan vere å gje noko til andre. Gje ei gåve, utan forventning om å få noko tilbake. Å vere raus handler også om det mellommenneskelege. Det er å akseptere ulikheiter. Akseptere menneske som dei er. Ha forståing for andre sin livssituasjon og måten dei lever livet sitt på, sjølv om det kanskje står langt i frå det livet ein sjølv har. Det er å vise storsinn. Ha empati og nestekjærleik. Det er ikkje alle som lever eit liv i "A4-boksen." Og det er greitt. Kvifor i all verda skal me alle gjere det? "Tenk utanfor boksen." Eit uttrykk me kjenner godt. Men om alle sine liv var like - i ein "A4-boks" - då hadde det ikkje vore mykje å hente utanfor boksen. Ikkje sant? Å vere open for ulikheiter, gjer at me kan lære av kvarandre.

Å vere raus, er også å unne andre det gode. Unne andre framgang og suksess, utan bitterheit og misunning. Me kan ikkje alle oppnå det same. Me er ulike og har ulike forutsetningar. Å akseptere at me ikkje oppnår, og samstundes unne andre å oppnå det - det er å vere raus.

Å vere raus, er å rekkje ut ei hand, å hjelpe andre som er mindre heldige i livet enn det ein sjølv er.  Det er å vise aksept for at livet kan gje oss nederlag, og at ikkje alle kan oppnå det same. Me lever i eit samfunn som er prega av samanlikningskonkurranse. Kjensle av nederlag er noko me alle er kjende med. Å vere raus og akseptere både eigne og andre sine nederlag, vil vere bra for den psykiske helsa vår. Då vil me høyre mindre av den store, indre kritikaren som me alle har i oss. 

Å gje mindre plass til den indre kritikaren, er å vere raus med seg sjølv. Dersom ein god ven av deg mislykkast med noko og opplever eit nederlag, vil du vere raus og gje støtte. Du vil seie at det ikkje er så farleg at dette ikkje gjekk bra. Du viser aksept for at ein ikkje alltid får det til.  Dersom du sjølv mislykkast og opplever nederlag, er du då like støttande og aksepterande mot deg sjølv som du var for venen din?

Å vere raus med seg sjølv, er å vere trygg på at det er greitt med det uperfekte. Det er å akseptere og forsone seg med sine eigne begrensningar. Det er faktisk ikkje alt ein kan få til her i livet.

"Alt er mulig, berre ein vil det nok." Ja, kanskje. Men du? du absolutt oppnå alt som er mulig? Er det ikkje greitt å ikkje ville nok? Kan du ikkje vere så raus med deg sjølv at du erkjenner og aksepterer at du faktisk ikkje vil nok?

Å vere raus med seg sjølv og med andre, er å våge. Våge å vere open for ulikheiter. Våge å vere der for kvarandre, trass i ulikheitene. Det styrkar dei menneskelege relasjonane. Det byggjer bru mellom ulikheitene, og me lærer av kvarandre. Å vere rause med kvarandre, er med på å gje oss eit varmare samfunn.

Så; ver raus! Med deg sjølv og med andre. Fordi me alle treng det. Samfunnet treng det. Me treng rause og varme menneske. Me treng eit rausare og varmare samfunn.