28. sep, 2018

Nokre dagar vil ein berre avslutte.

Nokre dagar er ein glad for at kvelden kjem. Når dagen har vore stressande og slitsom. Vanskeleg og tung. Eller smertefull. Nokre dagar vil ein berre avslutte. Forsvinne inn i nattesøvnen med håp om at morgondagen kjem til å bli betre.

Livsvegen går opp og ned. Fram og tilbake. For oss alle. Kanskje i litt større grad når ein lever med kroniske helseplager. Å leve med kroniske helseplager kan gje stor uforutsigbarhet i funksjonsnivå. Det kan bety at ting ikkje går som planlagt. At ein ikkje greier å gjennomføre og halde seg til planar og avtalar. Ein kjenner skuffelse. Blir lei seg, trist og frustrert.

 

Eg veit så veldig godt at livsvegen min går opp og ned. Fram og tilbake. Den går gjennom landskap med store kontrastar. Frå det lyse til det mørke. Frå det fargerike til det fargelause. Opp og ned. Fram og tilbake. Eg har levd lenge med denne livsvegen. Det er min veg. Det er berre slik det er. Eg veit det. Likevel syns eg av og til at det er vanskeleg å akseptere. Eg syns det er vanskeleg å akseptere at helseplager har så stor makt over meg at eg på enkelte dagar ikkje greier å vinne over dei. Eg likar ikkje at helseplagene ofte kan hindre meg i å gjere det eg har lyst til. Eg likar ikkje at dei kan hindre meg i å gå ut og vere saman med menneske som eg har lyst til å vere saman med, hindre meg i å delta på aktivitetar som eg har lyst til å delta på, og ikkje minst; hindre meg i å gå ut på tur med kamera. Eg syns det er vanskeleg å akseptere dei dårlege dagane som lagar uoverkommelege hinder for meg. 

Det hender at eg syns det er vanskeleg å få andre til å forstå at eg har ein så dårleg dag at eg ikkje kan gjennomføre og halde meg til planar og avtalar. Det kan vere vanskeleg å få andre til å forstå at eg ikkje berre kan "ta meg saman." At eg ikkje kan tvinge fram ein betre dag. Eg kan bli lei meg og frustrert over det. Men på mi ferd langs livsvegen har eg etterkvart blitt eit tryggare menneske som ikkje lenger er så oppteken av kva andre kanskje syns, meiner og trur om meg og mitt. EG veit kva som er meg, mine helseplager, min veg og mitt liv. EG veit til ei kvar tid korleis eg har det. Det kan ikkje andre menneske kjenne og leve seg inn i. Ikkje fullt og heilt. Sjølvsagt kan dei ikkje det, fordi ingen andre er MEG. 

Eg har mine gode og dårlege dagar på livsvegen. Det går opp og ned. Fram og tilbake. Eg møter landskap med store kontrastar.

Nokre dagar er eg glad for at kvelden kjem. Når det har vore ein dårleg dag, vil eg berre avslutte den. Forsvinne inn i nattesøvnen med håp om at morgondagen kjem til å bli betre.