24. sep, 2018

Å finne ein oase på livsvegen.

Å vakne på ein heilt vanleg måndag, etter ei natt med lang og god søvn, utan hodepine, med låg grad av smerte i andre "vondter", nyte morgonkaffi, og vite at dagen ligg open, med mulegheiter for gode opplevingar - det er kvardagslukke, det! Verkeleg kvardagslukke!

Når dagane er prega av kroniske plager og smerter er slike morgonstunder gull verdt. Det er som å kome ut på ei open og lys slette etter å ha kjempa seg gjennom ein mørk skog i tungt terreng. Det er å på ei kjenne lette. Det er som å finne ein oase på livsvegen. Det er påfyll av energi. Det er påfyll av håp. Det er påfyll av livsglede.

Ei god morgonstund, på ein heilt vanleg mandag, kjenne at det er godt å vere til - det er kvardagslukke! Verkeleg kvardagslukke! Smiler stort