16. sep, 2018

Stillhet - godt eller ubehagelig?

Av og til må eg trene. Eg trener ikkje på treningssenter. Eg spring ikkje på tredemølle. Eg løftar ikkje på tunge vekter. Eg er ikkje ute og spring. Men eg trener. Eg trener på noko som eg trur mange har behov for å trene på. Eg trener på å ha det stille rundt meg. Radioen er avslått. Fjernsynet er avslått. Ingen musikk i øyrene. Eg trener på å kunne vere i stillheten. Tåle den. Finne ro. Berre vere i stillhet, akkurat her og no.

Me har så mykje lyd rundt oss i det daglege. Heile tida (utanom når me søv om natta). Dersom det skulle oppstå ein situasjon med stillhet, er me raske med å finne lyd. Me finn på-knappen til radio eller fjernsyn. Me kan ikkje stillhet. Stillhet, å vere i stillheten, er noko som mange av oss ikkje mestrer. Stillhet gjer mange av oss litt urolige. Kanskje blir me rastlause. Me mangler noko som me kan rette merksemda mot. I stillheten kjem tankane våre meir fram. Dei vert tydlegare for oss når det ikkje er noko lyd som kan forstyrre dei. Er det difor det er vanskeleg å vere i stillheten? Er me litt redde for dei tankane som kan tre tydlegare fram?

For meg var det akkurat slik det var. I mange år ville eg alltid ha lyd rundt meg. Radioen på. Eller fjernsynet. Eller lytte til musikk. Eg ville at lyd skulle forstyrre tankane, fordi dei var ubehagelige, vonde, triste. Eg ville ikkje at dei skulle bli så tydelege, fordi dei påverka kjenslene mine i negativ retning. Det kan framleis vere slik i periodar. Men ikkje som før. Det hender, men i langt mindre grad. No kan eg tåle å vere i stillheten. Eg kan oppleve det som noko positivt. Eg kan finne ro og kjenne at det er godt å ha det stille ei stund. Men eg gløymer det. Eg gløymer å bruke stillheten. Berre vere i den, akkurat her og no. Eg gløymer at eg tåler stillheten og kan greie å halde vanskelege tankar på avstand utan lyd som forstyrrer dei. Difor må eg trene. Eg må halde fram med trening på å kunne vere i stillheten. Eg har jo ikkje behov for å ha all den lyden rundt meg heile tida. Eg har ikkje behov å gøyme tankane mine i lyd og støy. Eg greier å mestre tankar som kan tre tydeleg fram i stillheten. Det er ikkje "farleg" for meg å bruke stillheten. Eg veit det. Eg veit at eg kan. Det hender framleis at stillheten blir ubehagelig på grunn av tankane mine. Det hender framleis at eg opplever stillhet som noko "farleg." Difor må eg halde fram med å trene. Eg må gje meg sjølv påminningar: Eg har ikkje behov for lyden frå radio eller fjernsyn eller musikk. Eg har ikkje  behov for å ha lyd rundt meg heile tida. Eg har behov for stillheten av og til. Eg har behov for å vere i stillhet. Finne ro. Eg har behov for å koble av. Eg veit at eg har behov for det, og eg veit at det kan gjere meg godt. Eg veit det, fordi eg har fått erfaring på det. Når eg hugsar på det og er i stillheten, kjenner eg at det gjer meg godt. 

Eg må halde fram med å trene. Trene på å berre vere i stillheten, akkurat her og no. Eg må minne meg sjølv på at eg har behov for det.

Kva med deg? Har ikkje du også eigentleg behov for meir stillhet enn det du tillater deg?