10. sep, 2018

Verdsdagen for sjølvmordsførebygging - våg å la det vedgå deg.

10. september er Verdsdagen for sjølvmordsforebygging. Ein eigen dag der tema <sjølvmord> får merksemd. Ein eigen dag for å minne oss om at sjølvmord hender. Sjølvmord er ein realitet. Det er ikkje berre noko diffust og fjernt som "ikkje vedgår meg." Sjølvmord hender, og kan ramme kven som helst. Det kan ramme i slekt, famile, venekrets og andre miljø. Det kan ramme der ein kanskje trudde det aldri ville hende. Fasader fortel ikkje heile sanninga. Sjølvmord kan ramme på uforståeleg vis, som "lyn frå klår himmel"... tilsynelatande. For når eit menneske tek det ekstreme, irreversible valget om å avslutte livet, er dette langt i frå "som lyn frå klår himmel" for den som gjer det. Det ligg noko bak. Sjølvmord er ikkje uforståeleg for den som har bestemt seg for å gå ut av livet. I den augneblinken eit menneske tek dette valget, i den augneblinken dette menneske velger å utføre sjølvmordet, er det ikkje uforståeleg for vedkommande. Når eit menneske går til det skritt å utføre sjølvmord, ligg det smerte bak. Dette mennesket har det så vondt at det ikkje lenger orkar å vere i livet. Smertene er så vonde at sjølvmord er eit reellt valg. Smertene er dette mennesket si verkelegheit.

Mange meiner at å utføre sjølvmord er ei egoistisk handling. Kvifor det? Er smertene til dei etterlatne viktigare enn smertene til sjølvmordsofferet? Er smertene til dei etterlatne viktigare fordi dei er meir forståelege?

Eit menneske som velger sjølvmord har det vondt, Frykteleg vondt. Menneske som aldri har kjent på så store smerter i livet, kan nok finne det vanskeleg å forstå eit sjølvmord. Ingen av oss kan kjenne på andre menneske sine kjensler. Men det skal vere mogleg å sjå dette mennesket som har det så vondt. Det skal vere mogleg å sjå litt bak fasaden. Vere der for kvarandre. Snakke og setje ord på det vanskelege og vonde. Vere eit medmenneske som lyttar. Som bryr seg.

Sjølvmord er eit vanskeleg tema, fordi døden er noko som skremmer oss. Det er så mykje lettare å ta litt avstand med at sjølmord er noko diffust og fjernt som "ikkje vedgår meg." Men tenk litt på dette: Når mange syns temaet <sjølvmord> er for vanskeleg og vondt å forholde seg til, tenk då på det mennesket som går til det steget å velge sjølvmord. Tenk på kva for smerte dette mennesket må ha. Så mykje smerte i livet at det velger å gå inn i døden. Om me ikkje kan kjenne på kvarandre sine kjensler, skal det vere mogleg å ha forståing for at smertene til eit menneske som vil utføre sjølvmord, er viktigare enn andre sin redsel for å forholde seg til at sjølvmord hender. At det er ein realitet. Intellektuelt sett, skal det vere mogleg å ha forståing for at det handler om mykje smerte for eit sjølvmordsoffer. For det er det dette mennesket er, eit offer. Ikkje ein egoist. Dette mennesket er eit offer for så mykje smerte at livet ikkje er til å holde ut.

Sjølvmord er framleis eit tabu. Det er eit tabu for alle dei som er milevis i frå å forholde seg til det. Det er tabu, og kjem til å vere eit tabu så lenge menneske velger å ta avstand frå at det hender. Det blir eit tabu så lenge menneska velger å snu ryggen til i staden for å møte. Sjølvmord er tabu, fordi me velger å la det vere det. Når så altfor mange snur ryggen til med *det-vedgår-ikkje-meg-mentaltet* vil eit slikt tabu framleis få stå.

 

Dei siste åra har eg registrert at det av og til står "valgte å forlate oss" i dødsannonser. Det syns eg er eit sterkt og modig valg av etterlatne ved sjølvmord. Det er eit signal som minner oss om at sjølvmord hender. Det er ein realitet. Det er eit signal som bidrar til å kunne bryte ned tabu om sjølvmord.

Eit steg på vegen for å forbygge sjølvmord, er å våge å sjå kvarandre. Våge å sjå litt lenger enn til fasaden. Våge å vise at ein er der for kvarandre. Våge å bry seg. Våge å vise at ein bryr seg. Våge å lytte til andre menneske si smerte. Våge å snakke om det. Setje ord på det. Å sjå og bli sett. Å lytte og prate.

10. september - Verdsdagen for sjølvmordsforebygging. Eg har lyst til å avslutte med ei oppmoding: Om du ser, veit om, kjenner til eller kjenner eit menneske som har det veldig vondt, våg å sjå det. Våg å vere ein lyttar. Våg å møte det i staden for å snu ryggen til. Våg å la det vedgå deg. Kanskje akkurat DU då blir ein livreddar?