2. sep, 2018

Motbakkane kjem. Eg kjem til å greie dei. For eg vil vidare.

Forsiktige steg på ein ny veg, med ein ryggsekk som er litt mindre tung. Eg har teke ut noko av det som var i ryggsekken min. Noko som eg ikkje treng å bere på lenger. Litt lenger framme på vegen ser eg noko som kan vere til hjelp og støtte på vegen vidare. Eg ser håp.

Eg har ingen illusjonar om at livsvegen skal bli veldig mykje lettare, sjølv om eg har endra retning og har ein ryggsekk som er litt mindre tung. Livsvegen er framleis veldig uforutsigbar. Eg kjem til å møte hindringar. Nokre små og nokre store. Eg kjem til å møte hindringar som vil kreve at eg må kjempe for å komme meg forbi dei. Eg kjem til å møte motbakkar. Nokre små og nokre store. Eg kjem til å møte motbakkar som er så bratte og lange og vanskelege at motet visnar. Eg kjem til å bli frustrert og fortvila. Tenke at no er det stopp. Fullstendig stopp. Eg kjem til å få kjensla av at denne motbakken greier eg ikkje å komme meg opp. Eg kjem til å tenke at her stoppar min veg i livet. Eg kjem til å få tankar om at eg vil gi opp. Men.... så vil eg jo eigentleg ikkje det. Eg vil lenger på livsvegen min. Eg vil vidare. Kanskje treng eg ein kvilepause. Få klarne tankane litt. Og så ser eg alt det fine og gode eg har fått på mi ferd langs vegen. Så mykje verdifullt som eg ikkje berre kan "slå ein strek over".... Eg har mykje fint og godt og verdifullt som skal vere med meg vidare. Eg kjem til å reise meg, rette ryggen, og ta fatt på den lange, bratte motbakken. Eg kjem til å kjempe meg opp, slik som eg har gjort så mange gongar før. Eg kjem til å greie det, slik som eg har gjort så mange gongar før. Eg veit at eg kan. Tungt og slitsomt, men eg veit at eg kan. Fordi eg vil. Innerst inne vil eg alltid vidare, sjølv om det kan kjennes så altfor tungt og vanskeleg å ta fatt på nye motbakkar.

Livsvegen går ikkje berre rett fram. Den er ikkje berre lett og god. Ikkje for nokon av oss. Me har alle våre hindringar og bratte motbakkar på vegen i livet. Slik er det for meg, og slik er det for deg. Ikkje sant? Det er slik livsvegen er. Det er slik livet er. Slik er det å vere menneske.

Eg er i startgropa på den nye vegen min. Ryggsekken min er litt mindre tung å bere på. Eg ser håp. Og eg trur på at eg skal få møte mykje fint og godt og verdifullt på mi ferd vidare i livet. På ein ny veg. I ein ny retning.