28. aug, 2018

Gratulerer med Tabuprisen, "Helsesista"

Det er med glede eg i dag les at Rådet for psykisk helse gjev Tabuprisen 2018 til "Helsesista" Tale Maria Krohn Engvik. Eg har ikkje veldig god kunnskap om det "Helsesista" gjer, men forstår det slik at ho brukar den digitale verda, som Instagram og Snapchat, til å spreie sin kunnskap og at ho i hovedsak rettar seg mot dei unge i samfunnet. Dette står det også noko om i grunngjevinga for at ho får prisen. 

Dei unge av i dag lever ein del av livet sitt i den digitale verda. Dei brukar sosiale media som Instagram og Snapchat. Såleis er dette ein god arena å nå ut til dei på. Og ikkje berre når "Helsesista ut til dei unge. Ho snakkar også med eit språk og på ein måte som ungdommen forstår og kan relatere seg til. Å gje dei unge kunnskap og syne dei at openheit er greitt, er godt førebyggjande arbeid også. Barn og unge som veit, kan og vågar, står sterkare i si ferd på livsvegen inn mot vaksenlivet. Det "Helsesista" tilbyr, eit forum som er tilpassa dei unge og med ein fagperson som brukar eit språk dei kan forstå og relatere seg til, skulle det ha vore mykje meir av. At "Helsesista" også er ein god brukarstemme, fordi ho sjølv har vore langt nede i ein periode, er eit ekstra pluss.

Heilt tilfeldig og uavhengig av tildeling av Tabuprisen 2018, las eg i går (då eg sat på eit venterom) ein artikkel i A-magasinet om at frå 2020 skal psykisk helse inn på timeplanen i skulen. Dette gleder meg også. Barn og unge lærer om kropp, anatomi og fysisk helse på skulen. Men mennesket er meir enn kropp, anatomi og fysisk helse. Mennesket er også mental og psykisk helse. Mennesket er ei heilheit. Alle menneske - barn, unge, vaksne, eldre - har både fysisk og psykisk helse. Tru aldri at "det ikkje er så nøye, det går over" for eit barn som har det vanskeleg. Like lite som me i dag har kunnskap om at ein deprimert person ikkje "berre kan ta seg saman." Alle menneske i alle aldrar kan bli råka av både fysisk og psykisk sjukdom.

Kunnskap! Openheit! Det må me heie fram! Kvar dag! Det ukjente er me usikre på og kanskje til og med redde for. Det kjente, det me har kunnskap om, er mindre farleg. Det å våge å snakke om psykisk helse og psykiske plager/lidingar, våge å vere open, er ein måte å spreie kunnskap på og det bidrar til å bryte ned tabu. Psykisk helse/uhelse er ikkje farleg. Ja, eg veit at det finnes fleire eksempel på at mennesker utfører farlege handlingar grunna psykiske lidingar. Men har de tenkt på kvifor slikt hender? Mange gongar kan me i etterkant lese om at personen som utførte den farlege handlinga, ikkje fekk god nok hjelp for si psykiske liding. Mange gongar kan me lese at menneske blir avvist av helsevesenet, fordi han/ho ikkje er sjuk nok til å ha rett på nødvendig helsehjelp..... Å bli avvist, å kjenne seg avvist når ein er langt nede og allereie veldig sårbar, kan auke kjenser av fortviling og frustrasjon til ein grad der ein mister kontrollen. Nokre mister den på ein slik måte at dei utfører farlege handlingar...

Eg kan dessverre konstatere at den oppbygginga som vart gjort i det psykiske helsefeltet i perioden med øyremerka midlar, har gått langt tilbake. Det som vart bygd opp, har rast ned igjen. Slik eg ser det, virker det som om hjelpetilbodet i psykiatrien er dårlegare enn på lang tid. Både i tenester for vaksne og i tenester for barn og unge.

Sidan dette innlegget starta med "Helsesista" og det arbeidet ho gjer for dei unge; Tenk deg at eit ungt menneske har det veldig vanskeleg psykisk, søker hjelp og får til svar at det er to-tre månader ventetid i 2. linetenesta.(spesialisthelsetenesta,psykolog/psykiater). Dette unge mennesket vil kanskje oppleve det som at det ikkje blir teke på alvor. Kjenne seg avvist. Eit ungt menneske med kjensler og tankar som raser rundt i eit smertefullt kaos, kan ikkje vente i to-tre månader! Dette unge mennesket treng hjelp no! Om to-tre månader kan det vere for seint. Om to-tre månader kan det hende at dette unge mennesket ikkje lever lenger... Eller kanskje "Helsesista" med sitt tilpassa lavterskeltilbod, redder akkurat dette livet...?

Gratulerer med Tabuprisen 2018, "Helsesista" Tale Maria Krohn Engvik!