24. aug, 2018

Smerter som ikkje er noko.

Tre år og åtte månader. For tre år og åtte månader sidan starta det. Då starta det som eg i periodar kan kalle for eit smertehelvete. År med ulike utredningar hjå ulike legespesialistar. Utredningar som ikkje har gjeve meg svar. Eg har kroniske smerter som ikkje er noko. Dei har ikkje namn. Dei passar ikkje i ei diagnoseramme. 

Det er ikkje det at eg er så oppteken av å få ein diagnose. Eg vil berre ha ei lette i smertene mine. Lindring. Om ikkje heilt, så i allefall litt. Det er det eg treng. Ein diagnose i seg sjølv er ikkje det som er viktig for meg. Men ein tilstand som ikkje heiter noko, som ikkje er ein diagnose, er vansklegare å behandle. Helsevesenet har sine diagnoser med tilhøyrande behandling for. Når smerter/sjukdom/tilstander fell utanfor diagnosesystemet, blir det ofte mykje "prøving og feiling"... Utredningar, medisinar. Nye utredningar, nye medisinar. Vekene går. Månadene går. Åra går. Det er så slitsomt. Det er så veldig slitsomt. Det er kjensler av å stå og tråkke i ei hengemyr, utan å komme nokon veg. Det er kjensler av at livet stoppar opp. Men tida stoppar ikkje. Vekene går. Månadene går. Åra går. Tida går. Det kjennes som om eg mister tida, som om den går utan meg. Kor mykje meir tid skal eg måtte miste? 

Eg gjev ikkje kritikk til helsevesenet. Eg har, med eit par unntak, berre godt å seie om dei eg har møtt i utredningsprosessen. Fastlege og legespesialistar har møtt meg med respekt for smertene mine, sjølv om dei så langt ikkje har funne fram til ein konkret diagnose. Eg opplever å få hjelp. Men utan diagnose er det vanskeleg å finne den rette hjelpa. Det er vanskeleg å finne rett behandling. Eg har forståing for at det kan vere vanskeleg for legane når tilstander fell utanfor diagnosesystemet. Men eg er så sliten. Eg er så veldig sliten. Smertetilstanden tek energien min. Dei tek og tek og tek, tapper ned energilageret. Eg greier ikkje å fylle det opp igjen, nettopp grunna dei smertene. Og dei berre tek og tek og tek. Eg har ikkje sjanse til å fylle på i same tempo og med same kraft. 

Eg prøver så godt eg kan. Ja, eg meiner at eg verkeleg gjer så godt eg kan for å fylle på. Eg prøver å gjere ting som skal fylle på energilageret mitt. Men eg har så lite å gå på. Eg taper ofte kampen. Lite energi og smerter vinn oftare enn meg. Dei har fått eit overtak. Ein håplaus kamp? Som David mot Goliat? 

Eg er sliten. Så veldig sliten. Eg er lei. Eg er sliten og lei av å ha kroniske smerter som ikkje er noko. Fordi smerter som ikkje er noko, som ikkje er ein konkret diagnose, er vansklegare å behandle.