14. aug, 2018

Kanskje...Kan skje? Kan det skje? Det kan skje.

Eg har så mange burde-tankar. Tankar om ting eg skulle ha gjort for å få det litt betre. Ting eg skulle ha gjort for å ha det betre psykisk, og ting eg skulle ha gjort for å lindre kroppslege plager og smerter. Eg veit så inderleg godt kva eg burde gjere. Eg veit kva som kan vere til hjelp for meg. Men likevel er det så frykteleg vanskeleg å ta grep. Eg er ubesluttsom. Og eg veit kvifor eg er ubesluttsom. Å vere ubesluttsom er eitt av mange symptom på depresjon. Og nettopp difor burde eg ta grep. Eg burde bestemme meg for å ta grep. Eg burde ta grep for å bli kvitt burde-tankane. Eg har kunnskapen. Eg veit kva som skal til. Eg veit kva eg burde gjere. Eg burde bestemme meg.

Burde, burde, burde. Ein sirkel av burde-tankar som slett ikkje er til hjelp når dei berre spinn rundt i denne sirkelen. Kan eg finne eit aldri så lite svakt punkt i sirkelen? Eit punkt der det er mogleg å bryte den? Bryte sirkelen av burde-tankar? Kanskje. Kanskje. Kan det skje? Kan eg få det til å skje? Det kan skje. Eg kan få det til å skje. Det kan skje at eg kan få det til å skje. Kanskje det, ja. Kan skje...🤔🙂