9. aug, 2018

Ein ny veg

Me er i ferd med å legge sommaren bak oss. For meg har det vore ein vår og ein sommar med mange gode opplevingar. Åleine på turar i skog og mark, og i sosiale samvær med andre. I det store og heile kan eg seie at det har vore ein fin sommar for meg. No skriv me august, og snart skal skular og barnehagar starte på eit nytt år. Ei spennande og fin tid for dei fleste, både store og små. Som mangeårig tilsett i barnehage og skulefritidsordning, er det i allefall det som er mi oppleving. Denne hausten skal eg ikkje vere ein del av det. Denne hausten skal eg forlate denne delen av livsvegen. Eg skal gå i ein anna retning. Eg skal inn på ein ny veg. Ein heilt ny veg. Ikkje fordi eg vil, men fordi helsetilstanden min krev det. 

Det har "lagt i korta" lenge. Prosessen fram til dette vegskillet starta allereie i fjor haust. Men som kjent; Ting Tar Tid. Første steg i ei endeleg avklaring kom for nokre veker sidan. Andre steg, eit steg som for meg kjennes som det endelege steget mot den nye vegen, vart gjort nyleg, nemlig steget ut av arbeidslivet. Eg har teke det store, offisielle steget ut av arbeidslivet. 

Eg har blanda kjensler rundt det. Eg kjenner på kroppen kvar einaste dag at det er nødvendig, og difor riktig, å forlate arbeidslivets veg og gå i ein anna retning no. Men eg er lei meg for at det måtte bli slik. Det er trist å ikkje skulle få jobbe. Eg skulle så veldig gjerne ha stått i jobb i mange år til. Eg var veldig glad i jobben min. Å få jobbe med barn har vore så givande. Eg visste allereie som 16-åring at det var det som skulle vere min yrkesveg. Og eg har fått nesten 30 år i det som for meg har vore verdas beste jobb. Alle barn eg har fått vere ein del av livet til, alle kollegaer eg har fått jobbe med.... Ja, det er trist å liksom miste det til ein dårleg helsetilstand. Men no er det berre slik det er. Strikken er tøyd langt nok no. Eg har gjort det eg kan. Nok er nok.

Eg er uendeleg takksam for at eg har hatt arbeidsgjevar, einingsleiarar og kollegaer som har gått langt for å legge til rette og gje meg støtte gjennom mange år, slik at eg har fått til å halde fast på jobben min så lenge som eg tross alt har greidd. Utan alle dykk, hadde eg stått ved dette vegskillet i langt yngre alder enn mine no nådde 50 år. 

Takk til arbeidsgjevar for at de har møtt meg med forståing, og behandla meg på ein støttande og respektfull måte. Takk til alle små og store eg har møtt i jobben min. Takk for læring, kunnskap, visdom, utfordringar, alvor og skjemt. Takk for alle fine og gode stunder. Takk for at eg har så mange gode minne å ta med meg inn på den nye vegen.