31. jul, 2018

Så trist og tragisk at ungdom drep ungdom.

Det er trist når media melder om drap på ei 13 år gamal jente. Det er trist når dei melder at ein 17 år gamal gut er sikta for drapet på den 13 år gamle jenta. Det har hendt i vårt vesle land. Nyleg. 

Eg undrer meg over kvar det har gått gale, når ungdom tek livet av ungdom. Unge som drep - korleis har dei det eigentleg? Og kvifor har dei det slik at dei gjer seg skuldige i drap? Noko må jo ha gått gale ein eller anna stad på livsvegen til desse ungdommane? Kven skulle ha ivaretatt desse unge? Det er trist når unge drep. Og det er trist for dei som vert offer for unge som drep. Pårørande, slekt og vener sit att og kan ikkje forstå det som har hendt.

At ei 13 år gamal jente blir drepen av ein 17 år gamal gut, nær heimen sin, på ein heilt vanleg, fredeleg stad, i vårt vesle land, er jo ikkje til å forstå seg på. Kvifor gjorde denne 17 år gamle guten eit slikt fatalt valg? Kven skulle ha sett denne guten betre, før han kom ut på farlege vegar i livet sitt? Kunne drapet ha vore unngått? Ei 13 år gamal jente vart frårøva livet medan ho enno var eit barn. Finnes det trøst for dei som sit att? Finnes det trøst for foreldre som mistar si 13 år gamle jente til ei drapshandling?

To unge menneske frå same lokalmiljø - ein drapsmann og eit drapsoffer. Eit lokalmiljø som no sit att med sjokk og sorg. Og sinne? Eit lokalmiljø som etterkvart skal gå vidare og måtte leve med det som har hendt. Dei har mista ei 13 år gamal jente. Dei har kanskje "fått" ein 17 år gamal drapsmann.