22. jul, 2018

Det må aldri hende igjen. Har me allereie gløymt det?

I dag skriv me 22.juli 2018. Det er sju år sidan det me aldri trudde kunne hende, faktisk hendte. På Utøya og i Regjeringskvartalet vart til saman 77 menneske drepne av ein ekstrem, iskald terrorist. 

 

 

Eg tenker på om verda har gått framover i løpet av desse åra. På mange område har det vore utvikling og framgang. Men kva med menneska som lever i verda? Media melder heile tida om hendingar med terror, vald og drap. Me ser meir og meir av brutalitet blant menneska. Me ser ondskap, hets, hat og vald. Me ser at menneske har ekstreme haldningar. Me ser at menneske vert plassert i grupperingar, og at menneskeverd blir rangert ut i frå grupperingane.

22. juli 2011 hendte det utenkelege i vårt vesle, gode og trygge land. På denne dagen gjekk èin mann så langt at han gjorde haldning til konkret handling. Ekstrem handling, på bakgrunn av ekstreme haldningar. Dette var èin mann si ekstreme handling. Han, og han åleine, står ansvarleg for denne handlinga. Dessverre har me menneske blant oss som har dei same, eller liknande, haldningar som denne mannen. Mange menneske. Altfor mange menneske med dei same eller liknande haldningane. Den iskalde terroristen gjekk så langt at han utførte ekstrem handling, på bakgrunn av haldningane sine. Andre menneske med same eller liknande haldning, gjev uttrykk for det gjennom ord. Stygge, sterke, ekstreme ord kjem til uttrykk i sosiale media og aviser. Mange gøymer seg bak anonymitet. Mange står fram klart og tydeleg. Me ser og les om hat, hetsing og ekstreme haldningar. Det skremmer meg.

Det skremmer meg å sjå at me har slike menneske rundt oss i samfunnet. Er det slik me vil ha det? Om me går litt bak desse haldningane, ser på "mannen i gata" og starter der. Kva ser me?

Det eg ser, er eit samfunn som blir meir og meir prega av *meg-meg-meg*.... Eg ser eit samfunn der eigeninteresse ofte blir sett framfor fellesskap. Eg ser eit samfunn som er i ferd med å bli kaldare. Eg ser menneske som bryr seg mindre om kvarandre. Me grupperer og rangerer menneske. Nokre menneske får lågare verdi enn det andre får. Det må det bli slutt på. Kvar vart det av respekt, raushet og omtanke for kvarandre. Kvar mista me omtanke og kjærleik til hetsing og hat? Kva slags samfunn er det me skaper og gjev vidare til born og unge som veks opp i dag? 

22. juli 2011 uførte èin mann ekstrem handling som tok livet av til saman 77 menneske. 69 av desse var unge menneske. På Utøya var desse unge samla i eit fellesskap. Dei hadde kunnskap, interesse og engasjement for å vere med på å ta vårt vesle land vidare i framtida. Dedikerte og dyktige unge menneske vart brutalt stoppa av ein iskald terrorist med ekstreme haldningar. 

Usemje, politisk eller anna, kan ikkje løysast med hat, hetsing og valdelege handlingar. Eller drap... Aldri! Ein kan tilhøyre kva side eller politisk parti ein vil, men me kan ikkje halde fram med å skape eit kaldt samfunn der det er greitt å uttrykke seg på hatefulle og ondskapsfulle måter når me er usamde.  

Etter 2. verdskrig, vart denne setningen til: "Me må aldri gløyme." Har me det? Har me gløymt det grusomme som hendte på bakgrunn av ekstreme haldningar den gongen? Har me gløymt den grupperinga og rangeringa av menneske som hendte under krigen?

På denne dagen for sju år sidan, hendte det som kan få oss til å trekke paralleller til 2. verdskrig. 22. juli 2011 på Utøya og i Regjeringskvartalet vart 77 menneske brutalt drepne av ein iskald, ekstrem terrorist, som synte eit hat mot menneske som høyrde til eit bestemt politisk parti. Han hadde ein sjuk plan om at desse menneska skulle vekk, fordi dei etter hans ekstreme syn ikkje var verdige livet.

Det må aldri hende igjen. Ingen, absolutt ingen, har rett til å rangere menneskeverd på bakgrunn av tilhørighet, rase, politisk standpunkt eller kva det no måtte vere.

Det må aldri hende igjen!