16. jul, 2018

Eg kan lage ein god dag

Tidleg morgonstund. Eg vaknar kl 06.30. Eg står opp til strålande solskin. Sola var oppe før meg. Ho sender dei lyse og varme strålane sine inn i leiligheten min, inn til meg. I dag er det ein morgon med låg grad av smerter. Så låg at eg kjenner meg lett til sinns. Eg kjenner at det er godt å vere til. Eg kjenner meg glad. I dag kan eg møte dagen på ein lystbetont måte. Det er ikkje alltid det er slik. Det er ein god del av dei dårlege morgonane, dei dårlege dagane. Men ikkje i dag. I dag er det ein god morgon, og eg kjenner at eg kan lage ein god dag.

"Nyt når du kan. Hold ut når du må." Dette skal vere Goethe sine ord. To korte setningar som favner om så mykje. Eg syns dei er så fine. Det er viktig å bruke dei gode dagane for alt dei er verdt. Nyte at det er ein god dag. Dei dårlege dagane kjem, og då er det viktig å finne krefter til å halde ut. Hald ut, slik at du kan bruke og nyte dei gode dagane. For dei kjem, dei også. Livet er både gode og dårlege dagar. Me har ulik grad og opplevinga av dei, men me har alle både dei gode og dei dårlege dagane.

I dag har eg ein god morgon. Eg kjenner at i dag kan eg lage meg ein god dag!🤩