14. jul, 2018

Kjenslene våre - eit mysterium?

Glede og latter. Tristhet og gråt. Kjensler, og uttrykk for kjensler. I kvar sin ende av skalaen.

Når ein har det bra og er glad, ler ein lett. Det er lett å sjå humor i ting, og ein ler når noko er morosamt. Tenk deg at du høyrer ein morosam historie som verkeleg treff deg. Du ler, og du ler godt. Tenk deg at den same historien blir fortalt ein gong til. Du ler litt. Tenk deg at den same historien blir fortalt enno ein gong, og så enno ein gong. Kva skjer då? Ler du like godt den fjerde gongen som du gjorde den først gongen? Eg tør påstå at det gjer du ikkje. Du ler litt mindre for kvar gong. Poenget, det morosame med historien, er tapt etter den første gongen. Men det morosame med i historien har rørt ved kjensler i deg, og difor er latteren med litt lenger enn til berre den første gongen du høyrer den. Men etter ei stund blir kjenslene som er knytta til historien svekka, fordi historien har tapt verdi. Latteren avtar og stoppar. Snart har du gløymd historien.

Glede og latter. Tristhet og gråt. Kjensler og uttrykk for kjensler. Kvifor er det då slik at me ikkje kan le av den same historien mange gongar, men me kan gråte over det triste igjen og igjen, og igjen og igjen? Kanskje i årevis? Kvifor er det slik at tristhet festar seg så mykje meir i oss enn det glede gjer? Kvifor blir me så fort ferdige med det glade og morosame, medan det tunge og triste kan vere med oss i lang tid? Noko å tenke på? Eg har ikkje svar. Eg berre spør, eg.