8. jul, 2018

Eg har fått ei avklaring. No kan eg gå vidare.

Ein lang, uavklart periode er over. Ni månader i ein uavklart og slitsom livssituasjon. No er den over. Ei strekning på livsvegen som eg kan legge bak meg.  Eg har fått ei avklaring. Eg kan senke skuldrane. Eg får betre oversikt. Det blir mindre uforutsigbart. Eg kan stake ut ein kurs for vegen vidare. Vegen framfor meg er ikkje lenger som eit tomt "ingenmannsland." Eg ser muligheter. Eg ser håp. Eg ser ein vegstrekning som blir litt mindre tung å gå. Eg har fått ei avklaring og eg kan fokusere på vegen vidare.

Avklaringa er ikkje optimal. Eg skulle gjerne ha gjort ting annleis. Men slik som helsetilstanden min har blitt, kan eg ikkje det. Eg greier det ikkje. Og difor er det ei avklaring som kjennes riktig. Der eg står i livet mitt no, er det slik det må vere. Eg skal endre retning på livsvegen. Og det vil forhåpentleg gje meg ein betre livskvalitet enn det eg har hatt dei siste åra. Eg kjenner ei lette. Ei kjensle av ny fridom. Vegen vidare vil ikkje bli "ein dans på roser." Helseutfordringane mine er som dei er og dei kjem til å vere med meg livet ut. Det er det som er min  veg. Min livsveg. Men eg ser at det finnes muligheter. Andre muligheter enn før, men likevel muligheter. Eg ser at det er håp for livsvegen min vidare framover.

Ein lang, uavklart periode er over. Eg kjenner ei lette. Eg kan fokusere på vegen vidare.