28. jun, 2018

Eg likar ikkje tredemøller

Eg likar ikkje tredemøller. Eg likar ikkje å gå og gå "på stedet hvil." Eg syns ikkje det er motivasjon i å gå seg sliten og trøtt utan å komme seg vidare framover. Eg likar å komme nokon veg når eg går. Eg likar å sjå at eg beveger meg framover. Det er det som gjev meining, slik eg ser det.

Tenk deg at livsvegen er som ei tredemølle. Du går og går, brukar det du har av krefter på å gå og gå, men du kjem ingen veg. Du kjem ikkje framover. Tenk deg at livsvegen er som å gå på ei tredemølle utan at det er ditt valg. Du har berre hamna der, utan å vite korleis og når det vart slik. Det går opp for deg at du kjempar og går på ei tredemølle, med dei kreftene du har til rådighet, utan å få noko att for det. Ein livsveg som er som ei tredemølle, den gjer deg ikkje sterkare. (at motgang gjer sterk er ei sanning med modifikasjoner). Du brukar kreftene på å halde deg i rørsle. Halde balansen. Halde deg oppreist. That's it! Det svir og smerter. Og berre på negativt vis. Det er demotiverande å kjempe og gå, tyne ut det vesle du har av krefter utan å få noko att for det. Det er berre slitsomt og vondt og ikkje noko anna enn ein energi-tjuv. Tenk deg at du går og går på ein livsveg som kjennes som ei tredemølle, til du er så sliten at du ramler. Du ramler, raser avgårde i full fart - bakover (vondt gjer det òg) til du smeller rett i veggen (og det gjer ikkje noko mindre vondt å treffe den). Det er også ein måte å møte veggen på.

Eg likar ikkje tredemøller. Det har eg aldri gjort. Eg har prøvd. Eg likar dei ikkje. Når eg brukar energi og krefter på å gå, vil eg sjå at eg beveger meg framover. Eg vil sjå at eg kjem nokon veg. Eg vil sjå at eg kjem vidare.

Livsvegen skal ikkje kjennast som å gå på ei tredemølle. Livsvegen skal føre oss framover. Den skal ha meining og mål. Når me går, og til tider kjempar på livsvegen, fortener me løn for strevet.  Me fortener å sjå at dei kreftene me brukar har nytte. At me kjem på fram. At me kjem vidare.