23. jun, 2018

Av og til er prisen for høg

For to veker sidan var eg med på ein fellestur med eit lokallag av ein organisasjon som eg er medlem av. Eg kjente på kroppen før eg reiste at det ville vere betre for meg å ikkje vere med på turen. Eg reiste likevel. Å vere saman med andre, få fine opplevingar, er bra for den psykiske helsa mi. Men å delta i slike eller liknande ting kan koste meg dyrt når det kjem til fysiske helseplager. Og slik vart det denne gongen. To veker har gått sidan eg tok eit val om å mobilisere for å kunne vere med på turen. To veker med intense smerter og kraftig redusert funksjonsnivå. Så nedkjørt og sliten at kroppen reagerer med fysiske symptom som får det til å kjennes ut som om eg har ein somatisk sjukdom. Så langt eg veit, har eg ikkje ein somatisk sjukdom som kan diagnostiserast. Det eg kjenner, oppstår fordi eg rett og slett er frykteleg sliten. Ein kropp som går på "sparebluss" har ikkje mykje å gå på. Og det avgrensa lageret av krefter skal også handtere konstant hodepine og smerter. 

Det er vanskeleg å balansere. Mange ting som gjev påfyll for den psykiske helsa, har for høg pris for den fysiske helsa. 

Eg har eit forsiktig håp om betring. Eg har eit forsiktig håp om at spesialister på ulike helsefelt kan hjelpe meg til betring. Denne prosessen starter om litt over ei veke. Noko må eg vente på til ettersommaren. Kanskje... kanskje eg kan gå hausten og vinteren i møte med mindre av dei fysiske helseplagene mine? Og med mindre smerter, vil kanskje den psykiske helsa kjennes lettare også? Kanskje det.... Eg vågar ikkje å ha særleg forventning. Men eg har eit forsiktig håp.