10. jun, 2018

Hald tankane enkle når livet er vanskeleg.

Det er eigentleg ganske fascinerande at det kan vere plass til så mange aktive tankar i hovudet samstundes. Når livet er vanskeleg, er det ofte slik. Når ein har bekymringar, utfordringar, hendingar som gjer livet vanskeleg, er det mange tankar som "surrer og går" samstundes. Det er mange tankar, og ingen av dei vert heilt ferdig tenkt. Det er ufullstendige tankar i eit kaos, og mange av dei har lite nytteverdi. Når me har bekymringar og utfordringar på livsvegen, får tankane rundt det vanskelege nesten all merksemd. Og når det oppstår noko vanskeleg i livet, er det naturleg å ha tankane på det, for å kunne gjere noko med det. Ein må forholde seg til det for å løyse det. Det blir ikkje berre borte om ein - mot formodning - får til å slutte og tenke på det. Men ofte blir det så altfor mange tankar samstundes. Fordi me tenker for langt og for mykje om situasjonen.  Når livet er vanskeleg, har tankane våre ein tendens til å bli fleire og større enn det som faktisk er naudsynt for å ta grep om situasjonen. Me treng ikkje å ta heile situasjonen med èin gong. Og som regel så lar ikkje det seg gjere heller. Me må finne eit startpunkt blant tankane, og ta det steg for steg. 

For å få litt ro og orden i tankane, må me prøve å samle lause trådar i tankekaoset. Me må sortere og rydde, og finne eit startpunkt for vegen vidare i situasjonen. Me må finne ut av kva tanke/tankar som skal få prioritet og merksemd og bli eit startpunkt. Halvkveda tankar i eit stort kaos, har ikkje nytteverdi. Me ser ikkje løysing og ende på det når det er berre fullstendig kaotisk. Me må finne måtar å plukke ned den tanken som kan vere til hjelp for å starte med å ta grep om ein vanskeleg situasjon. 

Vanskeleg, tenker du? Vanskeleg å roe ned ufullstendige tankar i eit kaos? Vanskeleg å plukke ned èin tanke som kan vere eit startpunkt? Ja, det er det. Det ER vanskeleg. Men det er mogleg å trene seg opp til å greie det. Det er mogleg å lære seg til å gjere det. Det ER mogleg å ta meir kontroll over tankane sine. Lett er det ikkje. Det er noko ein må trene på. Mental trening. Som med fysisk trening, må det gjentakast. Igjen og igjen og igjen. For at me skal bli styrka fysisk, må me trene regelmessig. Fysisk trening. For å bli styrka mentalt og psykisk, må me trene regelmessig. Mental trening. 

Eg er litt lei for å måtte avsløre; trass i god trening på det mentale, vil overveldande tankekaos komme igjen og igjen, med andre vanskelege situasjonar som me garantert kjem til å møte på livsvegen vidare framover. Men når ein har halde på med mental trening ei stund, er ein meir bevisst på kva som hender med tankane når møter utfordringar og bekymringar som gjer livet vanskeleg. Ein vil kunne seie Stopp! til det store tankekaoset. Ein vil lettare kunne rydde og sortere, og finne eit hensiktsmessig startpunkt. Ein vil kunne ta grep om tankar og den vanskelege situasjonen raskare enn før. 

Når livet er vanskeleg, hald tankane enkle.