2. jun, 2018

Livet - kven sitt ansvar?

"Når verda viser meg vranga, og vegen vert tung å gå, då ynskjer eg så inderleg at eg hadde vengjer på. Eitt veit eg, at hadde eg vengjer, eg flaug over alle fjell. Eitt anna eg veit er dette: eg gjorde det ikkje lell." (Jan-Magnus Bruheim)

På livsvegen kan det hende at me møter vanskar som gjer at me har lyst til å flykte. Det kan vere hendingar utanfor vår kontroll, men som påverkar livet vårt og gjer det vanskeleg. Det kan også vere vanskar som me sjølv har skuld i. Det kan hende at vanskane blir så store at det er nesten umogleg å sjå for seg at me skal komme oss gjennom det. Vanskane kan vere av ein slik art at det er knytt skamkjensle til dei. Og skamkjensla gjer at det er vanskeleg å snakke om det til andre menneske.

Når me sjølve er skuld i vanskane, kan det jo hende at skamkjensla er berettiga? Kanskje er det situasjonar der me skal kjenne på skam. Men me må ikkje bli der så lenge at me ikkje greier å komme oss vidare. Skamkjensle kan også komme grunna noko som hender utanfor vår kontroll, altså trass i at ein ikkje har skuld i det som har hendt. Men uansett: skamkjensle gjer at det er vanskeleg å skulle snakke med nokon om det som har hendt. Det er vanskeleg å be om hjelp til å ordne opp og komme seg vidare.

Skam er ei av dei vondaste kjenslene eit menneske kan ha. Skamkjensla er reell for den det handler om, knytt opp mot ei eller anna hending eller knytt til eigne dårlege vegvalg. Men det er ingen skam i å be om hjelp. Det skal ikkje vere ei skam å be om hjelp. Å bere på skamkjensle åleine over tid, kan få kjensla til å vekse seg større og større. Livet kan kjennast så vanskeleg at ein berre vil vekk frå alt. Ein vil flykte frå alle vanskane. "Eitt veit eg, at hadde eg vengjer, eg flaug over alle fjell." Men så veit me jo at å flykte frå vanskane, lløyser ingenting. "Eitt anna eg veit er dette: eg gjorde det ikkje lell."

Me vil møte vanskar langs livsvegen. Også vanskar som gjev skamkjensle. Det kan vere noko som hender utanfor vår kontroll eller det kan vere noko som me sjølve er skuld i. Om ein verkeleg ønskjer å ta grep om vanskane og komme seg forbi dei, er første steg å vere ærleg med seg sjølv og erkjenne at ein har komme i ein vanskeleg situasjon. Neste steg er å bestemme seg for å gjere noko for å komme seg gjennom det og gå vidare. Kanskje greier ein å handtere det sjøv. Kanskje er det naudsynt å be om hjelp. Og for å få hjelp, må ein setje ord på og dele vanskane med nokon. Kanskje har ein skamkjensle for den vanskelege situasjonen ein har komme opp i, men det er ingen skam i å be om hjelp. Å be om hjelp, er å ta ansvar for situasjonen. Ta ansvar for å ordne opp i vanskane. Ta ansvar for eige liv. Me har alle eit ansvar for eige liv. Me har ansvar for å ta tak i vanskar i eige liv. Me kan be om hjelp, men me kan ikkje be andre om å ta ansvaret for vårt liv. Me eig vårt eige liv. Gjer me ikkje? Vil me gjere noko, endre noko, komme oss gjennom vanskelege situasjonar, må me sjølv ta ansvar. Eg har ansvar for mitt liv. Du har ansvar for ditt liv.

Når livsvegen vert så vanskeleg at me mest ikkje kan sjå noko løysing, er det lett å ønskje seg at ein berre kunne flykte frå alt. Men så veit me jo at det å flykte frå vanskane ikkje løyser dei. Me veit at tanken om å flykte er ein slags ønskedrøm. Me veit at realitet er realitet, og at me før eller seinare må forholde oss til det vanskelege. Me må sjølv vere villig til å gjere noko for å ordne opp vanskane. Ta ansvar for eige liv. "Eitt veit eg, at hadde eg vengjer, eg flaug over alle fjell. Eitt anna eg veit er dette: eg gjorde det ikkje lell."