29. mai, 2018

Å berre vere, akkurat her og no.

Ei stille stund. Ikkje lyd frå radio. Ikkje lyd frå TV. Stille. Ein veldig varm dag. Opne vindauge. Ute er det også stille. Lyd frå fuglar er det einaste eg høyrer. Ei stille stund. Eg rettar merksemda innover. Eg fokuserer på avspenning. Eg kosentrerer meg om å gje kroppen avspenning. Det er det eg tenker på.  Andre tankar lar eg fare. Dei kjem att, dei. Men i ei lita stund fokuserer eg på avspenning, og lar andre tankar fare. Det som var, det var. Det som kjem, det kjem. Ei stille stund med fokus på avspenning. Finne ro. Berre vere, akkurat her og no.

Det er noko alle burde prøve å gjere ein og anna gong. Det har nytte. Det har verdi. Det er i allefall mi erfaring.