28. mai, 2018

Opp og ned. Av og på. Story of my life...(!)

Nokre dagar vaknar eg og står opp med låg grad av smerter, lett sinnstemning, pågangsmot, nok energi til å vere i aktivitet, nok energi til å vere sosial. Eg brukar å seie om meg sjølv at då er eg "på" - eg er kobla på i livet og kan gjere det same som "alle andre." Eg er "oppe." Så snur det. Grad av smerter aukar, eg kjenner meg frykteleg trøtt og heilt tom for energi, helseplager og økonomiske utfordringar i kvardagen får fram det depressive og mørke i meg. Då er eg "av" - eg er kobla av i livet og orkar lite eller ingenting. Eg er "nede."

Nokre dagar vaknar eg og har ikkje lyst til å stå opp. Eg vaknar med høg grad av smerter, depressiv sinnstemning, negative tankar rundt helseplager og økonomiske utfordringar i kvardagen. Eg står opp likevel, men eg har ikkje pågangsmot og krefter til å delta i livet. Eg starter dagen med å vere "av" - kobla av livet. Eg er "nede." Så snur det. Smertene avtar, sinnstemningen blir lettare, tankane skifter fokus, eg får nok energi til å vere sosial og i aktivitet. Eg er "på" - eg er kobla på i livet. Eg er "oppe."

Nokre dagar kan eg vere "på" ein heil dag, for så å vere "av" heile neste dag.  Opp og ned. Av og på. Story of my life.

Eg skriv ofte om viktigheten av å akseptere. Akseptere at situasjonen er som den er, at ein har det som ein har det. Det ER viktig. Det sparer ein for ein del frustrasjon, triste kjensler og negative tankar. Eg veit at slik er det. Eg forstår det. Eg har fått mange erfaringar på det. Men det er ikkje alltid så lett. Det er ikkje alltid lett å akseptere at ein ikkje greier å gjere alt det som ein helst vil.

Etter alle dei åra utan å kunne kjenne noko som lystbetont, utan livsglede, er det ikkje alltid lett for meg å akseptere at kroppslege helseplager ofte hindrar meg i å gjere det eg har lyst til, når eg har lyst til det. Eg veit at å akseptere at det er som det er, vil spare meg for frustrasjon og negative tankar. Men sjølv om eg både veit og har erfaringar, må eg jobbe med meg sjølv kontinuerlig for å finne aksept for livssituasjonen min. Negative tankar har lang fartstid, og prøver heilt automatisk på å vere dominerande. Eg må bestemme meg for at dei ikkje skal få lov til det. Eg må hente fram andre tankar. Tankar rundt dei erfaringane eg har fått som har vore til god nytte. 

Å akseptere gjer livet lettare på mange måtar. Det er som det er. Eg har det som eg har det.

Opp og ned. Av og på. Story of my life.