22. mai, 2018

Å samle på det gode for å handtere det vonde

Kroniske smerter. Smertelindring. Ord som for eit par år sidan var berre ord. Dei var ikkje knytt til meg personleg. No er desse orda ein del av det daglege vokabularet mitt. Eg veit kva det er. Eg kjenner kva det er. Eg har kroniske smerter, og eg treng smertelindring. Slik er det.

Smertelindring har betydning i kvardagen. Det har betydning for funksjonsnivå og livskvalitet. Og det har betydning for den psykiske helsa mi. 

Kroniske smerter, smerter som alltid er der i større eller mindre grad, har stor innverknad på livet. Dei avgrensar og innskrenkar. På dagar med mykje smerter, kan eg ikkje delta i verda der ute. Eg er ein fange i smertene mine. Eg treng lindring for smertene. Eg treng medisin som lindrer smertene. Smertelindring gjer det mogleg for meg å fungere. Eg kan ta del i verda der ute. Eg treng det. Eg treng dei gode opplevingane, saman med andre eller på tur i skog og mark åleine. Det gir meg mentalt og psykisk påfyll. Eg blir styrka. Eg treng den styrken når dårlege dagar med mykje smerter kjem. Det hjelper meg til å tåle smertene, halde ut og komme meg gjennom det. 

Å leve med kroniske smerter er slitsomt. Difor er det så viktig å ta til seg dei gode opplevingane når ein kan. Det er viktig å gi seg sjølv dei gode opplevingane. Det er viktig å vere saman med menneske som gjer ein godt. Det er viktig å ta valg som gjer ein godt. Det blir mange nok dagar i smertefengselet. På gode dagar skal ein velge det og dei som gjer ein godt. Det er ikkje egoisme å ta slike valg.. Det er ikkje egoisme å ta vare på seg sjølv. Ikkje for nokon. Det er viktig å fylle på med det gode når ein kan. Velge menneske og opplevingar som gjer ein godt. Det er ikkje egoisme å styrke seg sjølv med det gode. Det er lov. Og for mange av oss med kronisk sjukdom er det heilt nødvendig. Det er nødvendig å finne mentalt og psykisk påfyll gjennom det gode, fordi det gir styrke til å handtere dei dårlege og vonde dagane. Som J.W. Goethe skal ha sagt: "Nyt når du kan, hold ut når du må."