10. mai, 2018

Krevjande livsveg, men likevel grunn til takksemd

Dårleg økonomi og dårleg helse gjer at livsvegen er krevjande. Økonomien kjem til å bli betre. Det er ein overgangsfase, medan det offentlege handsamar mi sak. Ei dårleg helse må eg ta som den er. Eg har helseutfordringar som kjem til å følge meg livet ut. Noko kan eg få hjelp med, behandling som dempar og lindrer. Men eg må lære meg å leve med at eg har dei helseutfordringane eg har. Eg må bruke metodar for å handtere dei, og finne mestring i kvardagen ut i frå det som er min målestokk

Livsvegen er krevjande, men eg har likevel grunn til å vere takksam. Eg lever åleine. Men eg har gode menneske rundt meg som gjev støtte og hjelper med det dei kan. Eg har nær familie. Eg har gode vener. Eg har god hjelp og oppfølging frå kommunale helsetenester. Ja, eg har grunn til å vere takksam, trass i ein krevjande livsveg med mange helseutfordringar. Det må eg ikkje gløyme. Eg må ikkje la det drukne og forsvinne på dei tunge og vonde dagane, i dei mørkaste stundene når det kjennes som om det ikkje er til å halde ut. Eg må minne meg sjølv på at eg, trass i plagene mine, har mykje å vere takksam for.

Ein krevjande livsveg, men likevel grunn til takksemd.