4. mai, 2018

To steg fram. Eitt steg tilbake. Det er uansett eitt steg fram.

To steg fram og to steg tilbake. Av og til kan det opplevast slik. To steg fram, og så: "Bang!" Der kom dei fysiske smertene med full styrke. Enno ein gong. Like vondt som då dei kom den første gongen for nokre år sidan. Skuffelsen over at det skjer. Ønsket om at det må då vere nokon som kan finne ut av det og finne fram til noko som kan vere til hjelp for å lindre smertene. Fortviling over tanken på at eg må leve med desse smertene resten av livet.

Tankar om at livet er urettvist. Eg har levd nesten heile mitt vaksne liv med psykiske helseutfordringar, psykiske smerter. Eg har jobba hardt for å greie det, og eg har jobba hardt for å lære meg å handtere det. Eg har komme så langt på livsvegen min når det kjem til akkurat dette. Så vert eg råka av ein fysisk smertetilstand som i svært stor grad forringar livskvaliteten min. Ja, då kjem det tankar om at livet er urettvist. Og av og til gjev eg meg sjølv lov til å tenke det. Ei stund. Eg dveler ikkje ved det. Det kan eg ikkje. Dessutan, det er jo heilt nyttelaust for meg å la slike tankar få overtaket. Det har ikkje noko nytte for meg og plagene mine om eg tenker på livet som urettvist. Har det, vel? Det har jo ikkje det. Smertene mine blir ikkje borte av at eg tenker slik. Det gjer meg ikkje noko godt. Tvert om. Det drar meg ned psykisk. Det drar meg ned i eit deppressivt, tungt mørke. Eg får psykisk smerte i tillegg til dei fysiske smertene. Og det er ikkje til noko hjelp.

Det kan kjennast som at dei fysiske smertene tek meg to steg fram og to steg tilbake. Men på livsvegen er det eigentleg to steg fram og eitt steg tilbake. Dei fysiske smertene tek meg gjerne to steg tilbake, men erfaring, forståing og kunnskap om mi mentale og psykiske helse, gjer at det er berre eitt steg tilbake. Det eg har erfart og lært har eg teke opp i meg. Eg har lagra det. Eg har det i meg og eg kan finne det fram. Eg kan bruke det til å tåle å stå i situasjonen med mine sterke fysiske smerter. Eg kan bruke det til å handtere skuffelse og fortviling over tilbakestega som er knytta til desse smertene. Om det ikkje var slik, hadde smertene "teke knekken på meg" for lenge sidan. 

Skuffelse, fortviling, negative tankar som følge av tilbakestega som er knytta til dei fysiske smertene mine. Ja, det har eg. Men eg kan la det fare etter ei stund.

To steg fram og berre eitt steg tilbake. Det er jo likevel eitt steg fram.