1. mai, 2018

Takk, alle gode arbeidarar som bidrar til fellesskapet!

I dag skriv me 1. mai. Våren er definitivt på veg, med lengre dagar og lysare kveldar. "Våren er vakker for den som lenge har hatt vinter." (Bjørnstjerne Bjørnson).

For meg har det vore lange og strevsame vintermånader. Det har vore strevsamt grunna dårleg helse, og det har vore strevsamt grunna dårleg økonomi. Desse to heng jo saman. Å ikkje kunne arbeide for løn, betyr sjølvsagt mindre pengar inn på konto. Å ikkje ha helse til å arbeide for eiga inntekt lenger, betyr at ein må ha hjelp til livsopphald gjennom ytingar frå det offentlege. Ting tar tid, også i det offentlege systemet. Det oppstår ein ventande overgangsfase, medan det offentlege systemet, NAV, har uføresøknad til handsaming. Det finnes økonomiske ytingar å få i denne ventefasen også. Mange vil kanskje oppleve at denne ordninga råkar urettvist. Det er ei "stram" økonomisk yting, og det kjem knapt med pengar inn på konto i denne perioden. Det kan bety at det blir tøffe tider økonomisk i denne overgangsfasen, i tillegg til at ein slit med dårleg helse (som jo er årsak til at ein har hamna i denne situasjonen i utgangspunktet).

Eg har vore i arbeidslivet i 30 år. Eg har betalt inn min del av skatt til staten. Eg er takksam for at me i staten Norge har gode velferdsordningar gjennom å betale skatt av arbeidsinntekt, slik at me kan få hjelp frå det offentlege den dagen helsa sviktar og me ikkje greier å stå i arbeid lenger. Me får god hjelp i helsevesenet, og me får god hjelp gjennom økonmiske ytingar. Eg er takksam for at me i velferdsstaten Norge har ei ordning der alle bidrar til fellesskapet, slik at det er hjelp å få frå det offentlege den dagen helsa sviktar.

I dag skriv me 1. mai. Det er arbeidarane sin dag. Takk, alle gode arbeidarar som bidrar til fellesskapet, slik at me som ikkje lenger har helse til å stå i arbeid også blir ivaretatt og framleis kan ha eit liv med bra kvalitet! Takk, og gratulera med dagen!