22. apr, 2018

Vegsjef på livsvegen

Det som vert sagt i dette sitatet er faktisk heilt rett. Irriterande rett, kanskje?

Det er så mykje lettare å legge skulda på andre enn å ta ansvar sjølv. Det er så lett å bruke omstende som årsak til at livet ikkje blir slik som me vil at det skal vere. Det hender mykje rundt oss som me ikkje kan styre over. Slik er det og slik vil det alltid vere. Men dersom me alltid skal skulde på at det er omstende som er årsak til at livet er problematisk, kjem me oss ikkje vidare på livsvegen. Me blir ståande der og rope ut skuld mot omstende og kanskje til og med mot andre menneske. Me blir ståande fast der, fordi me brukar all fokus og energi på dette. Me ropar oss trøtte og slitne, og me kjem oss ikkje framover.

For at me skal få til ei endring og komme oss vidare, må me gå i oss sjølve. Me må rette merksemda inn i oss sjølv, og ikkje ut mot alt anna og alle andre. Det kan vere vanskeleg å gå i seg sjølv og erkjenne eige ansvar for eige liv. Det er lettare å peike på andre. Det er lettare å legge skulda på omstende og andre menneske.

Den som verkeleg ønskjer ei endring i livet sitt, verkeleg ønskjer å komme seg framover og vidare på livsvegen sin, må erkjenne og forstå at ein må ta eige ansvar for eige liv. Ein vil ikkje oppnå framgang og varig endring av å heile tida peike mot omstende og andre menneske. 

Det som hender rundt oss med dei menneska me har rundt oss, vil påverke oss. Slik er det og slik vil det alltid vere. Det vil oppstå omstende som me ikkje kan styre over. Men me har eit valg når me opplever dette. Me kan velge å ha  det - vere i situasjonen og peike på omstende og andre menneske, rope ut skuld mot "heile verda" for at livet blir problematisk. Eller me kan velge å ta det - møte det med å sjølv ta ansvar for å komme oss forbi det og vidare framover.

Dersom me heile tida skuldar andre menneske og omstende for manglande framsteg i livet, legg me ansvar for eige liv i andre sine hender. Vil me det?

Vil du verkeleg at andre skal skape og forme din livsveg? Eller vil du leve livet ditt etter eige ønskje, etter eige potensiale, ha fridom til å skape og forme din eigen livsveg? Det er opp til deg. Du kan velge. Du kan velge å vere passiv med andre i styringa, og halde fram med å rope ut skuld når det ikkje blir som du vil. Eller du kan velge å ta det ansvaret som er ditt, og gjere det som er nødvendig for at du skal eige det som er din livsveg.

Du kan legge skuld på heile verda for at livet er problematisk, men ingenting vil endre seg før du tek det ansvaret som er ditt.