16. apr, 2018

Omtanke og omsorg - å gi og å få.

Eg har nyleg vore på besøk hjå ei god og nær venninne i nokre dagar. Ei venninne som har fysiske helseutfordringar i langt større grad enn det eg har. Ei venninne som trass i sine helseutfordringar alltid set andre før seg sjølv. Ei venninne som er full av omtanke og omsorg for andre. 

Det var fint å vere der. Der kan eg vere akkurat den eg er, på dagar der eg har det akkurat sånn som eg har det. På den staden, i det miljøet, med dei menneska eg har rundt meg, kan eg vere meg sjølv med dei utfordringane eg har. Det er ingen forventningar til at eg skal vere noko anna enn eg er, eller at eg skal yte noko meir enn det eg kan og greier. Eg har fridom når eg er der. Eg kan kjenne meg fri sjølv om eg er gjest i den heimen. 

Eg har hatt tid for meg sjølv, og eg har hatt tid til å tenke. Tid til å tenke over livet mitt. Tid til å tenke over venninna mi sitt liv med dei helseutfordringane ho har. Eg har hatt tid til å tenke at eg er heldig. Eg har hatt tid til å tenke gode tankar for venninna mi. Eg har fått mulighet til å gi venninna mi, som alltid set andre før seg sjølv, den omtanken som ho fortener. Eg har fått mulighet til å vere med på å ta vare på henne. Eg vil at ho skal få det samme som ho alltid gir til andre; omtanke og omsorg, og eg kan vere ein av dei som gir henne dette. 

Eg har hatt fine dagar på besøk hjå venninna mi. Å komme seg litt bort frå seg og sitt, gir ofte eit anna perspektiv på livet. Eg tenker at eg, trass i mine psykiske og fysiske helseutfordringar, er heldig. Ja, det er eg! Eg er heldig.

Eg kan omtanke og omsorg. Eg kan også gi omtanke og omsorg. 

Eg har ei god og nær venninne, og eg kan vere  ei god og nær venninne.