6. apr, 2018

Det måtte jo komme. Til meg som alle andre.

Det måtte jo komme. Til meg også. Sår hals, tett nase og hodepine. Me som har kroniske helseutfordringar blir ikkje spart for heilt vanlege sjukdomstilstander. Så det måtte jo komme til meg også; ei heilt vanleg forkjøling. Sår hals, tett nase og hodepine. 

Hodepine er noko eg lever med kvar dag, i større eller mindre grad. Hodepine knytt til forkjøling er, merkeleg nok, mykje verre for meg å tåle. Ei heilt vanleg forkjøling er vansklegare å tåle enn dei kroniske plagene mine. Eg er ganske god på dei kroniske plagene, men eg er dårleg på ei ein heilt vanleg sjukdomstilstand som ei forkjøling.

Kanskje er det slik at plager som ein lever med kvar dag blir til ein vane? Når ein lever med kroniske plager finn ein metodar og "verktøy" å bruke for å handtere dei. Kanskje dette ikkje alltid fungerer med ei heilt vanleg forkjøling? Kanskje blir ein litt "satt ut" fordi ein ikkje kan vinne over forkjølinga med metodar og "verktøy" ein brukar for å handtere dei kroniske plagene?

Ei forkjøling får i allefall meg til å kjenne meg meir sjuk enn det eg med intellektet veit at eg er. "Det er ikke mer synd på deg enn andre." (Ingvard Wilhelmsen). Neida. Det er ikkje det. Men i dag, ei lita stund, gir eg meg sjølv lov til å synast litt synd på meg sjølv - over ei heilt vanleg forkjøling. Det har eg rett til. Og eg kan gjere det. Eg kan synast litt synd på meg sjølv ei lita stund, fordi eg veit at eg ikkje vil la den kjensla gå for langt. Eg veit at sjølvsagt kan eg handtere ei heilt vanleg forkjøling som snart går over.

Men først skal eg berre sitje her litt med sår hals, tett nase og hodepine, og synast synd på meg sjølv. Ei lita stund.