30. mar, 2018

Åleine er ikkje nødvendigvis einsemd

Mennesket er ikkje skapt for å vere åleine. Som ein generell påstand er nok det rett. Mennesket treng andre mennesker. Me treng kvarandre for sosialisering og læring. Me treng kvarandre for personleg utvikling. Me treng å vere saman med kvarandre. Men me treng ikkje nødvendigvis å leve i den ramma som me gjerne definerer som eit A4-liv. Eit A4-liv er det som me tenker at folk flest lever. Familieliv. Parforhold. Men det er absolutt mogleg å ha eit godt liv i ei anna ramme enn dette.

Eg lever åleine. Eg bur åleine. Livsvegen min har leia meg til dette livet. Langs vegen er det noko som berre har blitt som det har blitt. Men eg har også gjort mine valg. Summen av dette har leia livet mitt til der eg er. Eg lever åleine. I mange år gjorde eg dette til eit stort problem. Det var eit personleg problem for meg at eg ikkje fekk til å få eit A4-liv. Eg opplevde det som å mislykkast. Eg opplevde det som å vere annleis på ein mindreverdig måte. Gjennom mange år i terapi brukte eg så veldig mykje tid og krefter på å prøve og presse meg inn i A4-ramma. Eg fekk det ikkje til. Ikkje fordi eg ikkje jobba hardt nok med det, men fordi eg berre ikkje passa inn i den ramma. Det var liksom ikkje der eg skulle vere. Eg skulle bli godt vaksen før eg forstod at det var greitt å slutte med å prøve.

Eg er ein person som trives med åleinetid. Eg er ein person som har behov for ein del åleinetid. Eg veit at det finnes menneske som tenker på meg og syns at det er trist at eg er så mykje åleine. Det er fint å ha menneske som tenker på meg. Men det er ikkje trist for meg å vere meir åleine enn det folk flest kanskje er. Eg kjenner meg ikkje einsam i det livet eg lever. Eg opplever ikkje meg sjølv som einsam. Eg har slekt, familie, vener og kjende i livet mitt. Dei er der, og eg kan velge å vere saman med dei dersom/når det er det eg vil. Eg kjenner meg ikkje einsam.Kul

Eg skulle bli godt vaksen før eg forstod at det eg truddde var einsemd, var indre stress skapt av samfunnet sine A4-forventningar. Det eg trudde var einsemd, var tristhet og kjensle av å mislykkast, fordi eg ikkje kunne finne min plass i A4-ramma. Når eg endeleg forstod at menneske som lever annleis enn A4-livet ikkje har grunn til å kjenne seg mindreverdig, var det ei lette. Eg forstod at ikkje alle treng å leve i A4-ramme. Eg lever i ei anna ramme. Eg lever åleine. Eg bur åleine. Eg trives. Eg lever mitt liv i den ramma som passar for meg.

Eg er pr. definisjon einsleg. Men eg er ikkje einsam. Eg trives. Og eg har ein fridom som mange ikkje har.

Det er få dagar att til eg er 50 år, og det kjennes godt å ha mitt eige aksept for at eg er den eg er og lever det livet eg har.Kul