22. mar, 2018

Det som var, det var. Det som er, er det er.

Morgonstund i sakte tempo. Slik er det for meg. Eg har behov for tid for å få meg sjølv i gang . Eg har behov for tid for å bli klar til å starte på ein ny dag

Eg prøver å hugse korleis det var å stå opp om morgonen og kjenne meg frisk og klar til å ta fatt på dagen. Morgontrøtt, men frisk nok til å kunne gå på jobb. Gå til ein jobb og yte noko -  for  andre og saman med andre. Vere del av eit felleskap som saman yter noko på ein arbeidsplass. Det er jo ikkje  lenge sidan eg kunne gjere det. Men likevel er det vanskeleg å hugse korleis det var. Det er vanskeleg å hugse, fordi mine morgonstunder for det meste no har blitt til "vondter" og tung sinnsstemning. Å stå opp om morgonen og gå til ein jobb og yte noko, virkar fjernt. Morgonstundene mine er i stor grad prega av helsutfordringar som gjer at det er utenkeleg at eg skal kunne "berre stå opp" og gå til ein jobb.  

Morgonstundene mine er lange. Dei går i sakte tempo. Som regel står eg opp tidleg. Men dagen min startar ikkje skikkeleg før det har gått nokre timar. Det er ikkje uvanleg at det går 3-4 timar frå eg set beina på golvet til eg kjenner meg klar nok til å ta fatt på gjeremål for dagen.

Lang morgonstund i sakte tempo. På denne dagen som ellers. Det er snart tre timar sidan eg stod opp. Morgonstunda mi går inn i den tredje timen. Eg prøver å hugse korleis det var, når det ikkje var slik. Eg prøver å hugse korleis det var å stå opp om morgonen og kjenne seg klar og frisk nok til å gå på jobb. Det virkar fjernt. Når eg kjenner korleis eg har det, virkar det fjernt. 

Eg hugsar korleis det var å vere på jobb. Eg hugsar gode kollegaer og eit fint fellesskap. Eg hugsar glede og latter. Eg hugsar gode samtalar. Godt samarbeid. Å yte noko for andre saman med andre. Det hugsar eg. Det har eg med meg. Gode minner om fine år i arbeidslivet. Og det er jo noko det, då! Det er vanskeleg å hugse korleis det var å stå opp om morgonen og kjenne seg klar og frisk nok til å kunne gå på jobb. Men eg hugsar i allefal korleis det var å vere på jobb. Og eg hugsar det som noko fint. Gode minner om fine år saman med andre i arbeidslivet. Det er det eg skal tenke på. Eg skal ikkje tenke på kvifor eg ikkje kan. Eg veit kvifor eg ikkje kan. Eg kjenner på kroppen kvifor eg ikkje kan. Det har blitt som det har blitt. Det er som det er. 

Så når dagens morgonstund er langt inne i den tredje timen, tek eg meg ein kopp kaffi til, og rettar fokuset mitt mot gode minner frå det arbeidslivet eg hadde.  Gode minner som genererer fleire gode tankar. Eg har det som eg har det. Det får eg ikkje gjort noko med. Men eg kan velge å finne noko positivt å fylle tankane mine med! Eg drikk kaffien min, finn dei gode tankane, og kjenner at eg snart er klar til å la den lange morgonstunda gå over til dag. Eg er snart klar til å kunne yte noko. Eg er snart klar til å ta skikkeleg fatt på denne dagen.Kul