17. mar, 2018

Kva har skjedd med menneska?

Eg undrer på kva som har skjedd med menneska. Det biletet som nyhendesendingane syner meg av menneske rundt om i verda, er opprørande. Så opprørande at eg blir nesten heilt matt og nummen. Kva har skjedd med menneska? Korleis kan ein så stor del av menneskeheten ha blitt så innsnevra og einspora i sine holdningar og tankar at hatet spreier seg? Kva har skjedd med godhet? Kva har skjedd med forståing, sympati, empati...? Kva har skjedd med likeverd? Korleis kan ein så stor del av menneskeheten hate andre menneskegrupper? Og kvifor? Kvifor blir enkelte menneskegrupper generalisert på bakgrunn av handlingane til ekstreme grupperingar? Kva har skjedd med menneska? Skal det bli slik at menneskeheten hater seg inn i ein verdskrig? Av og til må eg lure på om menneske som etter mitt syn har innsnevra og einspora holdningar, forstår kva rekkevidde dette har. Forstår dei at alt hatet som veks fram kan få dramatiske konsekvensar for menneskeheten?

Eg blir skremt. Eg blir bekymra for alle dei små menneska våre, alle barn og unge som er i starten av livet sitt.  Kva slags menneske kan det bli av dei når dei ser korleis vaksne menneske framstår med det som etter mitt syn er innsnevra og einspora holdningar som får hat til å spreie seg rundt oss? Kva slags verd skal dei vekse opp til?

Eg blir skremt. Eg blir bekymra. Kva har skjedd med menneska?