11. mar, 2018

Ingen kjenner dagen før sola går ned

"Ingen kjenner dagen før solen går ned." Dette er ein strofe frå ein salme av Bernhard Severin Ingemann. Salmen heiter "Lykksalig, lykksalig."

 

 

Me legg planar for dagane våre. Me legg planar for vekene, for månadane, for åra. Me står opp kvar morgon og har som regel ein planlagt dag framfor oss. Det er bra å ha planar. Planar skaper struktur og ein viss forutsigbarhet. Det er eit nødvendig arbeidsverktøy som får dagane til å fungere i samspel med andre i det samfunnet me lever i. Planar er eit gode. Det er ein nødvendighet. Men me veit alle at ofte går ikkje ting etter planen. Det hender mange ting som er utanfor vår kontroll. Ting me ikkje kan forutsjå, og difor ikkje kan ta med i planen.

Ofte opplever me at det som forstyrrer planen er noko negativt. Det skaper problem og kan gjere oss irriterte og oppgitte. Det hender også at det som forstyrrer planen er noko positivt. Noko som skaper glede. Når planen blir forstyrra i negativ retning, opplever me det som at planen blir øydelagt. Det kan framkalle negative kjensler i oss. Når planen blir forstyrra i positiv retning, kan me forkaste planen og glede oss.

Tenk om me kunne ta like lett på negative forstyrringar som positive forstyrringar? Vel...kanskje ikkje like lett. Men i det minste kunne forkaste planen og komme oss vidare? Det ville spare oss for tid med negative kjensler, tid med dårleg humør.

Planlegging er ein nødvendighet. Det er bra å ha planar. Men dei kjem til å bli forstyrra. Dei kjem til å bli forstyrra i negativ retning og dei kjem til å bli forstyrra i positiv retning. Det som er viktig, er vår reaksjon på forstyrring i planane. Korleis møter me det? Kva velger me å gjere når det skjer?

Alt kan skje. Ta i mot det gode og la planen vere. Møt det dårlege, juster planen og gå vidare.

"Ingen kjenner dagen før solen går ned." Korleis vil du møte det som skjer, som ikkje var med i planen din?